”Do you have an aeroplane?”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Do you have an aeroplane" er eit av mange spørsmål den tidlegare høgskulestudenten møter som fredskorpsar i Playback-prosjektet. Sjølv om Ingrid kunne fortelle at ho ikkje hadde privatfly, var jenta likevel ikkje overtydd: ”but you are a Muzungu!” (som betyr kviting på kiswahili).

Sidan september 2007 har Ingrid arbeidd med funksjonshindra born og unge i Mathare, ein av verdas største slummar, som ligg utanfor hovudstaden Nairobi i Kenya. Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda er ein viktig del av Playback-prosjektet.

 

Ingrid_og_Kendy_med_ukulele_300

Barnevernspedagog Ingrid saman med kenyanske Kendy.

 

Playback-prosjektet

Playback er eit utvekslingsprosjekt, initiert av Høgskulen i Volda, Foreininga Merkesteinane, Det Norske Fredskorpset og den lokale organisasjonen Mathare Youth Sports Association (MYSA).Projektet har som mål å etablere såkalla ”merkesteingrupper” i Mathare, der ein brukar musikk som eit medvite integreingsverkty mellom unge funksjonshindra personar. Prosjektet har også som mål å etablere eit ”sjølvberande” lydstudio på sikt, for å kunne generere midlar inn i tiltaket.

Playback_gjengen

Her er Ingrid saman med Playback-gjengen.

 

Oppfordrer andre å bli fredskorpsar

- Kva har vore dei største utfordringane å takle som fredskorpsar i slummen Ingrid ?

- Å ta innover seg det som faktisk skjer rundt meg i ein ekstrem kvardag. I arbeidet med born og unge er det aktivitetar som musikk, dans og drama som står i fokus – altså det positive som ein kan gjere i lag. Samstundes vert ein sterkt minna om kvar ein er, og kva marginale tilhøve born og unge i slummen lever under.

Mellom anna vert eg utfordra på område som vi i Noreg er vane med å ta for gjeve; at ein har ete frukost, at ein kan gå på skule og ta utdanning, at ein kan få ein jobb og at ein har pengar til å feire bursdagen sin. ”Frå hand til munn” og ”survival of the fittest”er bilete på kvardagen i Mathareslummen., og i denne livssituasjonen ser ein diverre at dei funksjonhindra er dei som tapar mest. Ei anna utfordring er å verte sett på som ”annleis enn alle andre” Samtidig som at eg ofte får positiv merksemd, er det ikkje alltid like lett å bli assosiert med rikdom og hjelp. Korleis skal ein då kunne forklare t.d. eit barn at ein ”ikkje er rik” når ein har pengar til å flyge rundt halve jorda? Det blir berre feil...

- Har utdanninga di ved Høgskulen i Volda vore relevant for arbeidet som du no utøver?

- Utdanninga mi har ikkje minst gjeve meg eit verkty for å kunne forstå og å reflektere over min eigen situasjon, og ikkje minst det marginale samfunnet som eg no arbeider i.

- Meiner du at barnevernpedagogutdanninga er spesielt relevant for å vere deltakar i Playback-prosjektet?

- Den er relevant ja, men fagfelt som musikk, førskule, pedagogikk og planlegging ser eg og som nyttige for prosjektdeltaking i Playback. Det viktigaste er likevel at prosjektdeltakaren er interessert i å arbeide tett på born og unge, og kan ta del i musikk, dans og dramaaktivitetar i praktisk arbeid.

Steve
Steve er ein av deltakarane i Playback prosjektet og

spelar bongotromme.

- Kven og korleis vert ein Fredskorpsar?

- Det viktigaste vert å finne norske og utanlandske organisajonar som har inngått eit såkalla parnerskap om utveksling om fagpersonell og kunnskap mellom ”Nord og Sør”.

- Vil du oppfordre andre Høgskulestudentar å reise ut som Fredskorpsar?

- Ja, det vil eg absolutt! Særleg om ein har som mål å utfordre deg sjøl, og har eit ønske om leve, bu og arbeide under heilt andre omstende enn det ein er van med i frå Noreg.

Vil du vite meir om Playback-prosjektet kan du kontakte Ingun Klepp ik@hivolda.no ved Institutt for sosialfag eller finne informasjon om prosjektet på websida: www.merkesteinane.no underkapittel ”English” og ”Afrika”

Sjå elles utlysing her av stilling som fredskorpsdeltakar til Playback-prosjektet medsikte på tilsetjing frå komande haust.

Del på