Dokfilm etterlyser husrom og ledige overnattingsplassar

Tekst: Webmaster Volda

- Vi set eventuelle utlånarar eller utleigarar i kontakt med gjester som treng overnattingsplass.
- Det treng for så vidt ikkje vere eit eige rom heller, men kan god vere berre ein sofa eller ei enkel seng i garasjen.

Overnattingsgjengen i Dokfilmfestivalen formidlar kontakt mellom utleigarar og folk som treng husrom, og fleire av gjestene legg ofte att ei lita husleige dersom utleigaren gjev signal om dette.

- Vi set pris på at voldasamfunnet stiller hjelpa si til disposisjon. Festivalstyret og utlånarar frå i fjor melder at alle partar var særs nøgde med denne ordninga då, og oppfordrar fleire til å melde seg til årets festival.

Etterlyser fleire frivillige
Dokfilmfestivalen etterlyser samtidig fleire frivillige til sjølve arrangementet i Volda 24. til 29. april. Leiinga kan lokke med frivilligfest, kreative arbeidstider og gratis t-skjorte frå Noregs største dokumentarfilmfestival.

Dei som føler kallet kan sende ein e-post til overnatting@dokfilm.no
Les meir på www.dokfilm.no

Del på