Dokfilmfestivalen treng frivillige. Fristen er no 13. jan.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Fotograf, kafésjefar, barsjefar, grafikarar, webutviklarar, gjesteansvarleg og engelsk korrekturlesar er berre noko av det me treng. Dette er verv som krev litt arbeid i månadene fram mot festivalen, og difor må fleire komma i gong så fort som mogleg, fortel Gunhild Gjølstad Skarstein, leiar for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

Styret_520_1

Det nyvalde styret for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2006
Les meir om styret.

Hun lovar at festivalen vert eit av dei verkelege høgdepunkta i løpet av studieåret i Volda.
– Det kjem til å skje veldig mykje spanande dei siste dagane i april, men for at dette skal skje treng me fleire til å hjelpa oss, oppfordrar Gjølstad Skarstein. Ein treng ikkje ha erfaring med jobben frå tidlegare - alle vil få starthjelp frå den engasjerte gjengen i styret.

Men det byrjar å hasta viss ein vil vera med, 13. januar er siste frist for dei ettertrakta jobbane.
- Det er ingen grunn til å venta, send oss ein e-post i dag, så er du sikra å vera med i kampen om dei beste verva denne Volda-våren vil by på, oppfordrar Gunhild.

Informasjon om alle jobbane.
 
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er ein idealistisk filmfestival som vert arrangert for tiande gong 26. – 30. april 2006. I fjor vart det vist rundt 60 filmer fra inn- og utland, i tillegg til faglege debattar, konsertar, pitcheforum og mykje, mykje meir. Og best av alt - festivalpass til heile festivalen kostar usle 20 kroner.

Del på