Dokfilmshow på Rokken fredag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

DSC_520

- Vi treng folk som kan tappe øl, smøre mat i kafeen, kjøre bil, trykke på ein play-knapp, prate på radio, henge opp klede og hjelpe oss med mange andre ting. Det er ingen vanskelege oppgåver, berre masse moro, fristar dei sosialansvarlege for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

Gratis festivalpass og t-skjorte
Festivalen, som hadde i underkant av 2000 vitjande i fjor, treng frivillige frå alle avdelingane på skulen.
- Vi håpar studentar frå absolutt heile Høgskulen blir med. Festivalen er for alle som bur i Volda, både studentar og fastbuande. Dette blir årets høgdepunkt i Volda og ingen bør gå glipp av all moroa, seier dei entusiastiske eldsjelane.

Ein treng ikkje love seg bort for heile festivalen, det held om du kan hjelpe til ein kveld. Alle som er med som frivillige får sjølvsagt gratis festivalpass og t-skjorte som takk for hjelpa. Og skal vi tru festivalleiinga kjem festivalskjorta til å bli vårens heitaste plagg.
– I fjor blei t-skjortene frå dokfilm observert på festivalar over heile landet, fortel Kaja.

Kick-off og informasjonsmøte fredag
Ho ber også alle som vil vere med under den tiande utgåva av Den Norske Dokumentarfilmfestivalen komme på Rokken fredag kveld klokka ni.
- Her kjem vi til å gi meir informasjon om festivalen og dei forskjellige oppgåvene, og samtidig skal vi sjølvsagt vise ein bra dokumentar, lovar Kaja og Mikal.

Heile denne veka vil festivalstyret stå på stand på Berte Kanutte-huset og i kantina på Henrik Kaarstad-huset.

Del på