Dørum støttar kriminalitetsførebygging i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Politiavdelinga i Justis- og politidepartmentet vil også delta på studieturen og bidra med ei førelesing for våre og walisiske masterstudentar, fortel Wilhelmsen, som er jublande glad over tildelinga.
- Det syner at justisministeren ser positivt på studieopplegget vårt, seier ho.

I tråd med intensjonane om internasjonal orientering i høgre utdanning tilbyr Høgskulen i Volda for 3. gang ein ekskursjon til relevante kriminalitetsførebyggande institusjonar i Wales. Dette skjer i starten på februar 2005.

wales

- Høgskulen ser det som svært nyttig og interessant for studentane å få internasjonale impulsar for sitt eige kriminalitetsførebyggande arbeid, seier Wilhelmsen.
- Studentane fikk mykje relevant kunnskap med seg heim i fjor, ein kunnskap som kjem til nytte i det kriminalitetførebyggande arbeidet blant polititenestemenn, SLT-koordinatorar, helsearbeidarar, lærarar m.fl. Det som svært viktig at flest mogleg av studentane ser seg i stand til å kunne delta på studieturen, og støtta frå Dørum vil hjelpe godt på dette.

Nytt av året
- Opplegget i Swansea er, som tidlegare år,  kome i stand i samarbeid med University of Wales, Swansea, som har et kriminologimiljø som er rangert mellom dei beste i landet. I tillegg har vi i år også eit særs godt opplegg med den kommunale organisasjonen ”Safer Swansea” .
Nytt av året - og noko vi er svært spente på - er at vi får med oss folk frå politi- og justisdepartementet over til Swansea. Dei skal forelese over erfaringane med nye program retta mot ungdomskriminaliteten i Noreg, som t.d. ”Snu unge lovbrytarar i tide”. Vi veit at miljøet i Swansea vil setje pris på å få lære om korleis vi arbeider i Noreg, og høyre våre erfaringar, avsluttar Cecilie Wilhelmsen, som håpar at rundt 15 studentar vert med på årets studietur.

 


 

Del på