Eit spennande oppdrag – diskusjonsgruppeleiar på NUS!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

53e74e65bcd8a7e09da9589e5e700e5f54545366

Nus-studentane (norsk for utanlandske studentar) her på høgskulen har no lært norsk eit semester. Det er svært viktig for dei å ta det norske språket i bruk i så mange situasjonar som mogeleg og slik utvide ordforrådet sitt. Difor vil vi prøve å få til diskusjonsgrupper leidde av norske studentar.

Omfang, tid og stad:
14 timar per gruppe, ein dobbeltime i 7 veker, vi treng 3 gruppeleiarar. Oppstart vert i veke 3 eller 4. Vi ordnar eit første møte med studentane slik at du får gjort avtale med dei om vekedag, stad og klokkeslett. Timane kan vere på dagtid eller ettermiddag / kveld. (Timeplanen ligg ved.)

Emne:
Det er fint om du legg opp til diskusjonar der dei får øve inn ordforrådet dei har i samfunnsfagboka si, Her på berget. Du vil få kopiar med oversyn over kapitla og emna dei arbeider med, og slik finn du også tips til diskusjonsemna.
Hugs! - du skal ikkje drive undervisning i grammatikk eller samfunnsfag, din jobb er å styre diskusjonen og sjå til at alle tek del – at alle snakkar!
Opplæringsmålet for NUS-studentane er bokmål.

Betaling/info:
Vi betaler 150 kroner timen, og du får relevant praksis på cv-en din. Er du interessert, så ta kontakt med Reidun Aambø, tlf. 70075138, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, 2. etasje BK. Du kan også kontakte meg på e-post:  reidun.aambo@hivolda.no. Vi lærarane og de som melder dykk på, kjem til å ha eit kort møte saman før gruppene startar opp.

Dette er ein unik sjanse til å sjå norsk frå ein ny ståstad og til å møte flinke, engasjerte studentar frå den store verda – så den som kjem først til mølla..!   

Del på