Eksamenskonsertar musikk bachelor

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Musica Orans, ei musikalsk bøn i adventstida
Gunn Anita Sandberg, opphavleg frå Storvik i Gildeskål, er klassisk sopran og studerer musikk ved Høgskulen i Volda. Onsdag 10. desember klokka 15.30 får vi høyre henne syngje sin bachelorkonsert, Musica Orans, i Volda kyrkje.

cf75e0bd53a480461fe6a87f0435a7755d581ca9

Denne bachelorkonsertens tittel Musica Orans, betyr ei musikalsk bøn. Den tar for seg vokale solo verk frå europeisk kyrkjemusikk gjennom dei musikkhistoriske epokane frå gregoriansk song og frem til i dag. Deriblant Laudate Dominum, ein nydeleg arie frå eit av Mozarts meisterverk Vesperae solennes de confessore og vakre Pie Jesu frå Faurés Messe de Requiem. I tillegg kjem det verk av blant anna J.S. Bach, César Franck og norske Egil Hovland. Som hovedakkompagnatør har ho med seg organist Bert Handrick, samt Ragnhild Engeset på song og tverrfløyte og Yngve Rasdal på flygelhorn.

Kom og hør perler frå europeisk solo vokal kyrkjemusikk og kom i stemning nå i adventstida mens vi ventar på jula.

XI
Trond Hauge Knutsen kommer frå Valderøya og studerer musikk ved høgskulen i Volda. Onsdag 10. desember klokken 19.00 framfører han sin bachelorkonsert XI og du er hjartelag velkomen.

7e0e6f1002c40b7a5eaaaa5095bd41aa337b3945

På konserten har han fått med seg bandet Dreamweaver. Dreamweaver er samansett av 9 dugande amatørmusikarar, der de fleste er studentar ved Høgskulen i Volda. I bandet er  pianisten Robert Hansen, Mads Smebakk på gitar, trommeslagar Henning Hansen, Håkon Jørgen Tranvåg på bass, Yngve Rasdal, Ingrid Sæbø og Gunn Anita Sandberg utgjer blåserekka. Kristin Hauge Knutsen syng.

Saman vil dei framføre songar der dei blandar element frå ulike stilartar som rock, samba og gospelmusikk.

Kom og la deg rive med av musikken.

Inngang: kr 50.

Ei reise med trompeten
Yngve Rasdal, frå Masfjorden nord i Hordaland, har studert musikk ved Høgskulen i Volda med trompet som hovudinstrument. Torsdag 11. desember klokka 20.00 har du muligheit til å høyre han framføre sin bachelorkonsert, ei reise med trompeten, i Kaarstad-huset, aulaen.

4f8e73e81e81c76392bb9aefc66f68eda0314a3c

Konserten skal framstå som ei musikalsk reise som skal presentere trompeten og trompetlitteraturen. Konserten byrjar med Franz Joseph Haydn sin trompetkonsert i Eb-dur, komponert i 1796. Etter kvart utover i konserten skal vi "reise" framover i trompetlitteraturen, til meir moderne komposisjonar som den svenske melodien "Nå går jag över engarna". Symfoniorkesteret i Volda og Bård Dahle på piano vil akkompagnere Rasdal under konserten.

Gratis inngang.

Del på