Engasjer deg! Men på kva måte?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I Volda er det meir enn nok ein kan ta seg til med som student, noko du sikkert allereie har oppdag. Me har VSI, KRIK, Studentsamfunnet, Peikestokken, Studentradioen, DokFilm og mykje mykje meir! Du vil ikkje ha eit kjedleg augneblink i Volda berre du tar deg ein tur ut for døra!

Men kva skal du gjere med alle desse tilboda? Du kan vere med i styra som driv organisasjonane eller du kan vere med som medlem å få godene som kjem med det. Uansett kva du vel, så er det eit godt val, for å vere med i ein studentorganisasjon, anten som organisator eller medlem er ei utrulig oppleving!

cdb60101c29643c87c213cf319b60067fa3f7b41
Frå eit av fjorårets studenttingsmøte under ei pizzapause!

Så kva vil Studenttinget i Volda (STiV) ha ut av deg som student? Me vil ha eit engasjement! Men då meiner eg nødvendigvis ikkje eit engasjement der du som student skal vere med i alle utval og styre som finnes rundt omkring i Volda, sjølv om me håper det vert stor interesse for å vere med i desse, for om du vert med i eit styre eller utval vil du få både ei utruleg oppleving og ein god attest frå di studietid i Volda!

Det er lett for alle å engasjere seg. Det kan vere eit så enkelt engasjement som at du kjem innom kontoret og fortel korleis det går med deg og klassa di. For me vil høyre alt som skjer rundt omkring på skulen, det er berre slik me best mogleg kan representere deg!

For STiV skal representere over 3000 studentar, ikkje vennane eller bekjente av dei som er med i styret og som tillitsvalde.

Så hugs, me vil representere deg og dei andre studentane ved Høgskulen i Volda, så bruk din tillitsvalde om du har noko du vil ta opp, eller kom innom kontoret vårt. For hugs at døra til kontoret vårt er alltid åpen, om du berre treng ein prat eller berre ein varm kopp kaffi!

Så start ditt engasjement ved å ta ein kopp kaffi med nokon i STiV, og fortel oss om din studiekvardag!

Godt skuleår vidare!


Del på