Fantastisk glød før Internasjonal dag i morgon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Det mest spennande er kanskje trekninga av ein tur for to til ein verdi av 6000 kroner, smiler Silje. I løpet av dagen kan studentar finna lappar over heile campus med ein liten konkurranse på. Desse kan leverast med namn og nummer til Internasjonalt kontor sin stand i Berte Kanutte-huset på dagen. Dei som vil vere med i trekninga må møte opp klokka 14.30 ved standen til Internasjonalt kontor.

- Vi vil starte med brask og bram onsdag klokka 12.00, men reveljen går klokka 11.00 – og det er salsakurs for alle som vil vere med klokka 11.30 – så det er berre å møte opp i god tid, seier ho.

Smak, lukt, høyr, sjå og føl
- NUS-studentar har kokkelert frå tidleg morgon i kantina – så dei frammøtte vil både smake og lukte internasjonale kulinaritetar.
- I tillegg er vi så heldige å få underhaldning av studentbandet Dukes & Dutchess, som også spelte ved mellom anna semesteropninga i haust. Dei er kjempeflinke, skryter Silje.

Gjennom dagen vil det gå videoar, bilete og musikk på storskjerm frå studentopplevingar over heile verda. Der vil vere masse stands der ein kan orientere seg om ulike destinasjonar, lån, stipend, utvekslingsavtalar, vaksinasjonar, og alt mulig anna!

Alle studentar må møte opp, er oppfordringa frå Silje.

Sjekk desse lenkene!!


www.hivolda.no/idag
www.hivolda.no/idag/program

www.hivolda.no/idag/konkurranse

Del på