Fargerike og spanande internasjonale gjester i Volda

Tekst: Webmaster Volda

Justine er leiar for barnevernet i Kenyas største region, Rift Valley, og er også leiar for barne- og ungdomsheimen Arap Moi Childrens Home i Nakuru. Denne institusjonen har ca 160 barn og unge. Justine har tatt imot til samen ca. 15 studentar i praksis ved barnevern og sosionomutdanninga sidan hausten 2003. Denne hausten dreg 14 nye til Kenya, 10 sosialfagstudentar og fire lærarstudentar. Tre av sosialfagstudentane og dei fire lærarstudentane skal vere stasjonerte i Nakuru og ha Justine som rettleiar.

I tillegg til å ha forelesningar og knyte sterkare band mellom Institutt for sosialfag og School of Social Work, rettleiar professor Jocylin Lobo ni sosialfagstudentar som denne hausten skal til India på praksisplass i tre månadar. Tre av desse skal til New Dehli, seks skal til Mangalore.

I tillegg har vi George Ndiritu og Ibrahim Hussein frå MYSA - Mathare Youth Sports Association-i Nairobi.Dei er i Volda i samband med prosjektet Playback, eit prosjekt mellom HVO, Fredskorpset og Merkesteinane. MYSA skal også taimot 2- 3 studentar i praksis frå september til desember denne hausten.

fire-melding
Ibrahim Hussein, Justine Oduyo, Jocylin Lobo og George Ndiritu.

Del på