Felles samlingsplass for studentaktivitetar på campus

Tekst: Webmaster Volda

- Det var faktisk på eit møte mellom HVO, STiV og SfS at leiinga ved HVO uttrykte at etter nybygget står ferdig i 2010, kan STiV og studentane få disponere enda fleire lokale på campus enn dei gjer idag, fortel Breivik. Dei nemnte blant anna lettbygga som står bak Aasen og Strøm som eit alternativ, men STiV har andre planar, kan Breivik fortelle.

52b6c5d7e202071685606fddd7bcfe8846cddb9b
Eit møterom på Nedretun.

- Me jobbar ut frå at me vil ha Nedretun, det vesle bygget mellom Berte Kanutte og Kaarstad. Dette passar utruleg bra sidan det er midt på campus, sentralt for alle og ikkje minst allereie no tilrettelagt for fleire kontor! Om du ikkje har sett bygget er det inndelt med kontor, fellerareal og møterom. Med andre ord alt ein studentorganisasjon treng!

Planane for eit slikt bygg er enda i startfasen, men STiV er i dialog med HVO, og har fått beskjed om at når det nærmar seg tida då dei skal fordele kontora etter at nybygget kjem. STiV skal då takast med i prosessen!

- Eit flott initiativ frå høgskulen vår, meiner Breivik!

Del på