Fokus på inkluderande læringsmiljø på HVO

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Eg håpar studentane engasjerar seg i både det fysiske og psykiske læringsmiljøet sitt. Studenttinget i Volda har ein representant i læringsmiljøutvalet, og vil gjerne høyre frå studentar som meiner noko om læringsmiljø innan 20. april, oppfordrar leiar i STiV, Lars Vegard Bachmann. - Vi er her for å ta vare på studentanes interesser, og læringsmiljøet er ein sentral del av dette.

- Eg synst at det er veldig bra at det har vorte skyvedør på Hans Strøm-huset. Det har gjort at eg kan kome meg inn og ut utan at nokon må hjelpe meg, fortel Mari Svartveit. Ho seier vidare at høgskulen har vore flinke til å leggje til rette for at ho skal kunne studere her. - Dei har vore positive og tilmøtekommande når eg har kome med ønskjer om korleis eg vil ha tilrettelagt studiekvardagen min.

bachmann_1
Lars Vegard Bachmann

- Å utvikle eit godt læringsmiljø krev at både personalet og studentane involverar seg i det psykiske og fysiske læringsmiljø. Leif Roar Strand som er leiar for drift ved Høgskulen i Volda, har gjort eit fantastisk arbeid opp gjennom åra med å sikre det fysiske læringsmiljø, og Ann-Iren Høgalmen på Rådgjevingstenesta for studentar har verkeleg stilt opp for studentane for å legge til rette for eit positivt psykisk læringsmiljø, meiner Henning Frode Dispen.

- Fysiske utfordringer har vært kartlagt gjennom flere år, men det har blitt økende bevissthet og fokus på det. Vi vet at det trolig kommer en antidiskrimineringslov som pålegger oss universell tilrettelegging (at alt skal være tilgjengelig for "alle" i utgangspunktet), men arbeidet vi nå gjør er ikke styrt av dette. Vi vet ikke når lova kommer, og hvor langt den går i å pålegge oss noe. Fakta er at LMU her og nå ønsker å sette dette på dagsorden, og Leif (som er leder i LMU) har blant annet tatt initiativ til å ta opp dette på utvida ledermøte.

svartveit
Mari Svartveit

- Høgskulen i Volda er ein flott høgskule, med mange utdanningstilbod, og eit sterkt og fargerikt studentmiljø. Med denne kartlegginga ynsker vi å gjere ein svært god skule til ein fantastisk skule for alle!, seier Dispen. - Om nokon har innspell om det psykiske læringsmiljø oppmodar eg desse om å ta kontakt med STIV, Rådgjevingstenesta eller tillitsvalgte. Eit godt læringsmiljø er sentralt for studentane si læring og meistring, oppmodar Henning Frode Dispen som sit i Læringsmiljøutvalet ved HVO.

dispen
Henning Frode Dispen

Lenke til Læringsmiljøutvalet www.hivolda.no/lmu

Del på