Framleis ledig på Mediekunnskap

Tekst: Webmaster Volda

- Studiet gir både teoretisk og god praktisk kunnskap om korleis media fungerer som samfunnsaktør og formidlar, og gir også perspektiv på korleis denne kunnskapen kan formidlast til barn og ungdom.

- No har vi utvida fristen til 17. august, og dette er siste sjanse, melder Sørvistorget.

Studiet består av fire emne på 15 studiepoeng kvar:

  • Medievitskap 1 gir teoretisk innsikt i feltet media og samfunn.
  • Dei to emna Innføring i IKT og Praktisk medieproduksjon gir teoretisk innsikt og praktiske ferdigheiter i bruk av ulike medium.
  • I dei siste 15 studiepoenga av studiet kan studentane velje mellom Medievitskap 2 som gir teoretisk innsikt i media og kommunikasjon, og Mediedidaktikk som gir praktisk og teoretisk innsikt i korleis ulike medium kan nyttast i ein formidlingssituasjon anten gjennom media eller i direkte møte med barn og ungdom.

Les meir på www.hivolda.no/tilbod

Del på