Fredskorpsarar med ønske om å ”kenyanisere” Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

David og Paul har nett vore i Hadeland saman med 80 andre fredskorpsarar. Der har deltakarane førebudd seg på eit år i Noreg eller Kenya gjennom gruppearbeid med utveksling av idear og forventningar.

– Det er svært kaldt i Noreg, men klimaet er godt. Nordmenn er vennlege, og vi har fått ein fin start. Eg trur det blir eit inspirerande år. Vi skal mellom anna samarbeide med Merkesteinane og ser fram til å lære meir om arbeidet der, seier Paul.

– Vi skal også arbeide saman med studentar. Vi ønskjer å halde fram arbeidet frå i fjor saman med Pangaia. I tillegg vil vi invitere alle studentar til å vere med og lage ei internasjonal gruppe. Vi er artistar og ønskjer å dele kunnskap gjennom musikk, språk og kvardagslege erfaringar, fortel David.

 

studio_stor
David og Paul saman med Merkesteinane på ei av øvingane deira (Foto: Marit Bendz).

”Able, not disable”

Dei to har eit ønske om å ”kenyanisere” Volda, og med det meiner dei å ta med element frå kulturen sin. David og Paul legg vekt på at det er meir enn fotball i MYSA. Sjølve er dei engasjerte i artistprogrammet Habanahaba, som arbeider for born med funksjonshemmingar.

– Musikk er svært populært i MYSA nettopp på grunn av Habanahaba. Ein har skapt openheit kring dette med nedsett funksjonalitet, og samarbeidet med Merkesteinane og høgskulen gjennom Playback-prosjektet har vore viktig. Musikk er frigjerande, og vi legg vekt på at desse borna er ”able, not disable”, seier Paul.

Ulikskap og mulegheiter

Målet med året i Noreg er å skaffe erfaringar og kunnskap som dei kan ta med tilbake til Habanahaba-prosjektet.

– Ein stor skilnad er at i Noreg har ein høve til å lære teori. De har musikkskular, ressursar og lærarar. I Kenya er dette vanskeleg. I Noreg kan ein lære å spele fleire ulike instrument, og ein kan bli det ein vil! I Kenya må ein arbeide hundre gonger hardare, og det er svært kostbart, seier Paul.

Paul og David vil lage eit musikkstudio når dei kjem heim, og dei har henta inspirasjon frå Playback-prosjektet og Merkesteinane. Dei har tru på at ei sjølvstendig utvikling vil vere bra for MYSA, og at musikk kan vere med på å endre perspektiv.

Dei to utvekslar tankar kring musikkinstrument som står urørte rundt om på campus. Det hadde aldri vore tilfelle heime i Kenya. Forskjellane er store også i det sosiale livet.

– Vi er meir sosiale i Kenya, og det er slikt vi er oppdregne. Dei gode relasjonane er noko vi vil ta med vidare. Vi saknar fleire menneske rundt oss, for vi er vande til å samlast i sosiale samankomstar. Vi gler oss til å ta fatt på musikken og bli kjende med Noreg og Volda, avsluttar dei to med eit smil.

 

Du kan lese meir om Playback-prosjektet her.

Del på