Friluftslivstudentar er allereie i full sving

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

b60eb7e1e9b6ccfb60eb2261bdf46c0b93fe3ceb

Friluftsstudentar gjennomfører eit "overskotsløft" av ein skadd person på ei improvisert båre i skogen.

Friluftslivstudiet er populært

Både praktiserande og komande lærarar, studentar undervegs i andre studieløp, og yrkesgrupper og folk i frivillige organisasjonar som arbeider med barn og ungdom har stor nytte av studiet, som legg vekt på å gje studentane gode naturopplevingar, lærerike utfordringar og spanande fysiske aktivitetar i eit fagleg og sosialt miljø.

– Formidling og rettleiing i friluftsliv står sentralt. Som ramme kring opplæringa ligg sunnmørsnaturen med all sin prakt frå fjord til tind.

07ecba840a9f1236afcc92820603dd6bef23426a

Studentar tek seg fram gjennom skogen med ein pasient på båre.

Teori og praksis føregår i ulike naturmiljø: skog, fjell og fjordmiljø om hausten, og i skog, fjell og høgfjell om vinteren og våren. Ein bur hovudsakleg i telt.

– Gjennom denne samlinga har vi vore i eit område med skog og fjell i Stigedalen i fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, fortel Skuset.

– Vi hadde med oss 17 motiverte studentar som hadde det topp. Det var god stemning, og dei gled seg allereie til andre studiesamlinga på Yksnøya i oktober.

Les meir på www.hivolda.no/idrettogfriluftsliv

Del på