Haustekskursjon i lokalmiljøet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

 IMG_0910-525

Vik har produsert ein skriftleg naturgeografisk "guide" som vart brukt på rundturen. På biletet:  Norleif Vik,  Odd Ragnar Hunnes og  studentar på SRS 101 Natur og samfunn i Noreg.

Vi er svært heldige som har naturen nær oss, kommenterer lærarar og studentar på SRS 101 Natur og samfunn i Noreg.

- Vi får sjå med eigne auge det vi lærer i klasserommet: lokale israndavsetningar frå ra-tida, danning av lokale terrassar langs fjordane og langs Eidselva – den øvre marine grensa langs ekskursjonsruta.

- Landskapsutvikling etter istida, i tillegg til den lokale geologien, var hovudtema undervegs, fortel Norleif Vik, samfunnsfaglærar ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
- Studentane lærer mellom anna om den økonomiske ressursen som ligg i lokale sand- og grusavsetningar frå istida rundt omkring i landet vårt. Dette har vore ein lokal verdi i lang tid.

Les meir om SRS 101 Natur og samfunn i Noreg

Del på