Høgskulen knyter tettare band til Tyrkia

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

intl_utval

Hans Martin Dypvik frå Avdeling for mediefag, Rune Aasen frå Studentsamskipnaden, Cecilie Wilhelmsen frå internasjonalt kontor og Kjell Holby frå Avd. for lærarutdanning.

- Internasjonalt utval besøkte tre av samarbeidsuniversiteta.
- Ved Mimar Sinan University og Marmara University i Istanbul og Canakkale 8. Mart University i Canakkale vart vi møtte med entusiasme og varme, og vart svært godt tekne vare på av partnarane våre.

Canakkale University ligg ved kysten, nordvest i Tyrkia.
- Vi måtte krysse Dardanellane på vår seks timar lange ferd frå Istanbul. Universitetet hadde sendt ein av minibussane sine, og sjåføren og to studentar hadde reist frå klokka eitt om natta for å hente oss.
- Universitetet, som har tre campusar, har dei fleste fagområde som vi har her i Volda, og er ein ypparleg plass for voldastudentar, anten dei studerer mediefag, humanistiske fag, samfunnsfag eller anna.
- Vel ein halvtime frå Canakkale ligg den antikke byen Troy, som også var ein spanande programpost på turen vår.

Smeltedigel
Tyrkia er eit stort land, både når det gjeld storleik og folketal. Kulturelt og geografisk er landet på mange måtar ei krysning mellom Europa, Midtausten og Asia.

- I den største byen Istanbul, blir ein særlig eksponert for at dette er eit land der aust møter vest.
- Ikkje berre fordi grensa mellom Europa og Asia ligg her, men også på grunn av at dei mange palassa og moskeane er døme på dei mange stormaktene og rika som har dominert byen.
- Blandinga av mellom anna arkitektur, klesstil og veremåte i gatene viser det religiøse og kulturelle mangfaldet ein finn i dagens Tyrkia.

- På studieturen vår besøkte vi m.a. Hagia Sofia, den Blå Moske, Basilica Cisterna og Top Kapi-palasset. Med som guidar var to voldastudentar i Istanbul, Are Austnes og Modolf Moen, i tillegg til lokal guide frå Mimar Sinan universitetet, Meltem Kaya.

Felles utfordringar
- Utanom sightseeing, var vi sjølvsagt på universitetsbesøk der vi fekk hyggelege gjensyn med kollegaer i nokre av Tyrkias fremste universitet.
- Vi vart vist rundt og fortalt nokre av dei utfordringane desse universiteta står framfor. Dei har mange av dei same utfordringane som vi har her heime, m.a. tilpassing til felles utdanningssystem i Europa, tilbod på engelsk osb.
- Felles er også at vi prøver å vise fleksibilitet når det gjeld tilpassing av undervisningstilbod og det å leggje tilhøva godt til rette for utanlandske studentar.


Erasmus-Link

- Høgskulen i Volda har i studieåret 2005/2006 fått tildelt om lag 800.000 kroner av totalt 1.8 mill. kroner til utveksling mellom søkarlanda til EU, deriblant Tyrkia.
- HVO har for tida 15 tyrkiske studentar på campus, og vi søker i desse dagar om nye midlar for studieåret 2006/2007 for å kunne halde fram og utvikle samarbeidet mellom HVO og utdanningsinstitusjonar i Tyrkia, Bulgaria og Romania.
- For å lukkast i dette arbeidet er den personlege kontakten mellom institusjonane viktig, og studieturen til Tyrkia ein viktig lekk i dette arbeidet.

Med på turen til Tyrkia var Rune Aasen frå Samskipnaden, Hans Martin Dypvik frå avdeling for mediefag, Ingun Klepp frå avd. for samfunnsfag, Kjell Holby frå avd. for lærarutdanning, Cecilie Wilhelmsen frå internasjonalt kontor og studentane Rebecca Jafari og Hilde Marie Braaten. Dei øvrige representantane i internasjonalt utval rektor Gunnar Stave, dekan Kjell-Arild Madssen og Gonnie Smit Løset hadde diverre ikkje mogelegheit til å delta på turen.

Gruppa som drog hadde seks innhaldsrike og givande dagar i dette sjarmerande landet, og er lasta med positive inntrykk. Lurer du på å reise til Tyrkia, anten du er student eller tilsett ved HVO, eller du er potensiell student, så gir vi deg gjerne råd med på ferda. I tillegg kan vi lokke med stipend og opplevingar for livet!

Les meir på www.hivolda.no/ut

Del på