Informasjonsmøte om Dokfilm mandag

Tekst: Webmaster Volda

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen starta opp i 1997, og har sidan vakse seg større og større for kvart år.
Ein gong i året blir vesle Volda ein filmmetropol. Filmskaparar frå heile landet og utlandet kjem kvar vår til vestlandsbygda for å vere med på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

Festivalen vert arrangert på dugnad. Studentar ved Høgskulen i Volda står bak festivalen med god støtte frå sponsorar og lokale krefter.

Er du nysgjerrig på festivalen bør ta en kikk på www.dokfilm.no og møte opp på lille auditorumet på Berte Kanutte førstkomande mandag klokka 15.30

Vil du sitte i styret så skriv du nokre ord om deg sjølv, kva du har gjort tidligare og kva for eit verv du ønskjer. Send til styret@dokfilm.no innen 19 september.

11 personar skal inn i det nye styret:
• Leiar
• Festivalkoordinator (Ny stilling av året som innebærer økonomisk ansvar samt ansvaret for logistikken under festivalen mm)
• Informasjonsansvarlege (2 stk)
• Programansvarlege (2 stk)
• Sosialt ansvarlege (2 stk)
• Grafisk ansvarleg
• Sponsoransvarleg
• Teknisk ansvarleg

Meir informasjon
For meir informasjon, send e-post til info@dokfilm.no

Del på