Informasjonsmøte om dokumentarfilmfestivalen

Tekst: Webmaster Volda

No skal det gamle styret takke for seg, så eit nytt styre må på plass.

- Vi har hatt det utruleg kjekt i lag. Vi har jobba døgnet rundt til tider, men det å sjå alle som går rundt og smiler under festivalen er verdt alt slitet, smiler informasjonsansvarleg Geir Holen.

For 11. gong

Det som starta som ein ganske sprø ide for ti år sidan, er i dag den største og eldste dokumentarfilmfestivalen i Noreg. I mai kom rundt 2000 personar til festivalen her i Volda.

dokfilm-guri-meld
Guri Solberg (TV2) deler ut ein pris under årets festival.

- Etter kvart som festivalen blir meir og meir kjent, så kjem det stadig vekk fleire regissørar. Over 30 filmskaparar var her i år, mellom anna ein utrolig dyktig regissør frå Litauen. Vi viste over 60 små og store filmar frå heile verda, mimrar informasjonsansvarleg Geir Holen.

Kribling

- Som grafisk ansvarleg kriblar det alltid ekstra i magen mens ein ventar på t-skjorter, aviser og programblad på veg frå trykkeriet. Og det er alltid spannande og opne dei første pakkane for å sjå resultatet, fortel Pernille som er spent på kven som tek over hennar jobb.

Pernille kan fortelje at ein ikkje treng å ha noko som helst greie på dokumentarfilm for å sitje i styret. Det einaste ein treng er ein vilje til å lage den beste dokumentarfilmfestivalen nokon gong. Ein bør heller ikkje ha så mange andre verv samstundes.


- Det er håplaust å seie kor mange tusen timar vi brukte på festivalen til saman. Den vart hjartebarnet vårt, og vi jobba med den kvar dag i fleire månader, seier Pernille.

Er du nysgjerrig på festivalen bør du møte opp på BK 157 førstkomande fredag klokka 15.15.

Vil du sitte i styret så skriv du nokre ord om deg sjølv, kva du har gjort tidligare og kva for eit verv du ønskjer. Send til styret@dokfilm.no

12 personar skal inn i det nye styret:

  • Leiar
  • Informasjonsansvarlege (2 stk)
  • Programansvarlege (2 stk)
    Sosialt ansvarlege (2 stik)
    Grafisk ansvarleg
  • Økonomiansvarleg
  • Sponsoransvarleg
  • Teknisk ansvarleg
  • Redaktør

For meir informasjon, send e-post til info@dokfilm.no

Del på