Informasjonsmøte for tillitsvalde

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Læringsmiljøutvalet og styret i Studenttinget ved Høgskulen i Volda har invitert alle dei tillitsvalde og vararepresentantane deira til eit informasjonsmøte på Rokken onsdag 7. november frå klokka seks. Ei rekke sentrale personar som kan vere til hjelp og inspirasjon for dei tillitsvalde vil snakke om relevante tema.

Kvelden vert avslutta med tapas. Difor var det ei påmeldingsfrist fredag førre veke, men om du ikkje har meldt deg på er det framleis mogleg å kontakte STiV.

Vel møtt,

Tine Grieg Viig, leiar, Læringsmiljøutvalet

Lars Vegard Bachmann, leiar, Studenttinget i Volda

Del på