Internasjonal utdanningsmesse i Krakow i dag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Høgskulen i Volda merkar seg bra ut, og fleire har vist si interesse for våre studietilbod og studentutveksling, seier internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen på mobiltelefon frå den internasjonale utdanningsmessa i Krakow.

- Vi er på utkik etter universitet over heile verda som har studietilbod vi vil utveksle med. Studentar har kome til Internasjonalt kontor med ynskjer om land og studium, og det er desse vi er på utkik etter no.

- Mellom anna har vi fått god dialog med representantar frå Mexico, der spansk er aktuelt. I tillegg er Japan interesserte i høve journalistikk. Vi har også hatt nyttige og spesielt interessante samtalar med eit kanadisk universitet.

På Internasjonal Dag fredag (23.9) neste veke vil Internasjonalt kontor kome med nyhende om fleire nye utvekslingsavtalar. Les meir om Internasjonal Dag på www.hivolda.no/idag

Photo0001_520

MMS-bilde frå Krakow. F.v.: Monika Resko frå Polen, Vihren Buzov frå Bulgaria, Andrel Nowasad frå Polen og Titus Ferene frå USA er internasjonale universitetsrepresentantar. Dei har hatt samtalar med Høgskulen i Volda om studentutveksling.

Del på