Kaisers Orchestra kjem til opningsveka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Laila520

Laila Fjellseth (28) er den nye leiaren på Rokken

Under opningsveka vil Rokken ha arrangement kvar dag. Det endelege programmet vil bli offentleggjort seinare i sommar. 

- Det har vore eit innhaldsrikt og flott vårsemester. No arbeider vi med å få til ein uforgløymeleg haust, seier Fjellseth.

Laila Fjellseth har vore tilsett sidan 1. april, og kjem frå AKKS i Oslo. AKKS er ein musikkorganisasjon som i hovudsak driv musikkopplæring for jenter.

Manglar kokk
- Vi vil også nytte høvet og minne om at vi har ei ledig stilling som kokk. Meir om dette kan ein lese på www.rokken.no

- Rokken ønskjer alle ein riktig god sommar, og vi gleder oss til å møte gamle og nye ansikt til studiestarten 15. august, seier Laila til slutt.

Følg med på www.rokken.no

Del på