Klar for festival? Animation Volda 11.–14. september

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Under Animation Volda blir studentfilmar kvalifiserte til Fredrikstad Animation Festival. Dennepre-seleksjonen av animerte studentfilmar har vore med og sett Animation Volda på kartet, ein festival som har kome for å bli.
– Vi ønskjer å etablere ein sjølvstendig studentfilmfestival. Det er ein fin måte å bruke kreativiteten på, og ein unik sjanse for studentar til å bli kjende i animasjonsmiljøet og byggje nettverk, seier leiar Sylvia Clausen (25).

Styret i Animation Volda har mange ballar i lufta og kan fortelje at om lag 50 studentfilmar er påmelde. Det har vore stor pågang, og frist for innsending vart avslutta i går.
– Det er også nokre studentfilmar frå HVO, og det gler vi oss til, seier nestleiar Ida Westvang (24).


IMG_0848_525
Styret i Animation Volda, f.v: Ida, Kristin, Johannes, Ida, Håvard, Sylvia, Torjus og Lars.

Leiar, Sylvia Clausen (25), 3 år animasjon
Nestleiar, Ida Westvang (24) 3. år animasjon
Gjest og bookingansvarleg, Torjus Førre Erfjord (26), 2 år animasjon
Programansvarleg, Håvard Strand (24), 2. år animasjon
Frivillegansvarleg, Johannes Hildre Spelling (23), 2 år animasjon
Praktiskansvarleg, Lars Evensen Sagstuen (23), 2. år animasjon
PR og sponsoransvarleg, Ina Helen Østby (20), 2 år informasjon og media
PR og sponsoransvarleg, Kristin Storbek (24), 2. år informasjon og media


Festival for folk flest
Årets festivalprogram er variert og høver for alle.
– Det er mykje som skjer under festivalen, og vi prøver å dekkje heile spekteret innan animasjon: teiknefilm, dokumentar, reklame osv. Mykje av det vi ser er animert, og festivalen skal formidle breidde og vere lett tilgjengeleg for folk flest, seier PR-ansvarleg Ina Helen Østby (20).

”Kurt blir grusom” (2008)
Dette er den nye store norske animasjonsfilmen, basert på Erlend Loe sine ”Kurt”-bøker. Animasjons-studiet Qvisten presenterer produksjonen bak filmen med filmklipp. Førpremiere for filmen er på Fredrikstad Animation Festival i oktober.

Workshop
Saman med Signe Lambert Johansen har profesjonelle animatørar, studentar og lokalbefolkning sjansen til å gå tilbake til barndommen. Ved hjelp av ”Stop-motion” med nobbiperler får ein lære korleis ein skal animere. ”Stop-motion” er ein teknikk der ein flyttar på perlene fysisk og tek bilete for bilete. Med denne teknikken kan ein ikkje sjå forskjellen på om det er ein profesjonell animatør eller eit barnehagebarn som står for produksjonen.

Konsertar og film
AnimationVolda samarbeider med seminaret ”The little boy of Hiroshima”, der Sayoko Konoshita, leiaren for Hiroshima International Animation Festival, skal vise filmen ”Pica Don”. Filmen handlar om atombombesprenginga i Hiroshima. Sayoko Konoshita held også foredrag om japansk animasjon relatert til atombomba. Torsdag kveld blir det konsert på Rokken med ”Asian Wings”.
– Det er jazz, etnisk inspirert verdsjazz, ler programansvarleg Håvard.

Animation Volda kan by på fleire konsertar, filmar og opplevingar. Følg med på http://www.animationvolda.com/ for programoversikt og nyhende.

Del på