Konsert med ”Kaarstadbygget” og ”Stemmebandet”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det heile starta med ein draum om å synge i selskap rundt omkring på Sunnmøre og ete så mykje kaker dei orka. No er dei spreidde over heile landet, men møtast fleire gongar i halvåret til song og moro.

Felleskonsert fredag
På fredag skal ”Kaarstadbygget ” ha felleskonsert med ”Stemmebandet” et populært kor frå Volda og Ørsta. ”Stemmebandet” gikk nylig til topps i ein nasjonal songkonkurranse i sjangeren jazz/populærmusikk. Fleire av songarane har også tilknyting til Høgskulen i Volda, anten som studentar eller tilsette.

Kaarstadbygget ga i 1999 ut cd-en ”Svamp”, og kom på nyåret med pop-plata ”Nonstop a cappella”, som i Vikebladet fekk overstrøymande kritikkar. Gruppa samlast eit par gongar i halvåret, og har hatt konsertar i alt frå pubar til kyrkjer og bedehus over heile Sør-Noreg. I tillegg har dei opptredd på Polarjazz på Svalbard og Påskefestivalen i Ngoundere i Kamerun.

Kaarstadbygget_520

”Kaarstadbygget” syng a cappella i ulike sjangrar (instrument forbode), og konsertprogrammet publikum vil få høyre på Rokken vil nok i stor grad vere henta frå dei to platene. Med stemmene som instrument framfører dei mellom anna barnesongar og pop-slagerar med ein god porsjon humor.
Medlemmene i Kaarstadbygget har ulik musikalsk bakgrunn: både SKRUK, Stemmebandet, Oslo Kammerkor, Norwegian Gospel Voices og ulike bluesband er representert, i tillegg til nokre dusj-songarar.

Likar du anten Real Group, friske rytmer, vokalmusikk, humor eller menn, bør du kjøpe billett og ta deg ein tur til Rokken fredag 14.oktober kl.20.00.

Bill. 150,-/stud. 100,-/fam. 300,-
Førehandssal på MIX i Volda.

Sjå også www.kaarstadbygget.no

Del på