Medie, IKT og designstudentar med filmprosjekt i Vietnam

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I løpet av hausten 2010 kjem studentane tilbake til Volda for å gjere ferdig ein film og ei biletutstilling av heile prosjektet. Espen har erfaring frå dokumentariske reiser tidlegare. Les om reisa hans til Uganda.

317268c785da3096f5025f119d8c35410dd74ef8 


– Vi har lenge planlagt ideen om eit mogleg prosjekt, skriv studentane prosjektet si nettsideda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b.

Allereie hausten 2009 starta tanken å ta form. No etter jul kunne vi slå fast at prosjektet skulle verte ein realitet.

– No reiser vi 30. mai, melder dei på e-post.

50ab591dc2c0df9112eef1ce549e10c0d6f10eb8

Dagleglivet som turistane ikkje ser

– Vi kjem til å vere i Vietnam i tre veker, der målet er å oppleve landet slik lokalbefolkninga gjer det. Vi skal følgje menneske i dei daglege aktivitetane, gjennom deira kvardagslege gjeremål, og oppsøkje dei som turistar i håp om at noko skal skje. Vi vil fange historiene som treff oss, seier dei.

– Vi trur at dette er med på å utvikle vårt potensiale som fotografar, samstundes som det vil vere med på å setje bilete på eit anleis land for menneske her heime i Noreg.


9fad59ead8b90ed07e9b76041d617a0f478d57df
Faksimile frå nettsida

Del på