Merkesteinane og HVO klare for Garsar film og kulturfestiaval i Litauen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Første målet er Vilnius. Der skal dei møte representantar for den norske ambassaden. 

Sentralt under opphaldet vert å knyte kontakter med lokale og regionale litauiske styresmakter med tanke på framtidig samarbeid og kunnskapsutveksling - særleg kopla opp mot funksjonshindra sin situasjon.

På film- og kulturfestivalen skal merkesteinfilmen It's Hard to Be a Rock'n Roller visast som opningsfilm.

Trass i at Merkesteinane denne gongen ikkje har med seg leiaren sin, Øyvind Lied, - grunna armbrot, vil representantar for gruppa likevel stille opp med ein minikonsert. Leiarane for Merkesteinane og representantar for Høgskulen i Volda skal under opphaldet halde ei felles førelesing med vekt på den norske HVPU-reforma og velferdsstaten.

Merkesteinane vil med dette nytte høvet til å takke Johan Barstad ved Møreforsking/Høgskulen i Volda/Kontoret for pasientinformasjon for Litauen-initiativet; Og ikkje minst for all hjelp under førebuinga til denne turen.

Del på