Neste veke startar billettsalet til Veka-06

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Vekerebus med flotte premiar
- Vi legg ut ein ny rebus kvar dag denne veka, der det gjeld å finne fram til ein stad eller ting på høgskulen. Der vil førstemann finne eit skriv der det står korleis vedkomande får premien sin, fortel vekesjefen vidare. Sjå dagens rebus på www.veka.no


Billettsal

- Så startar billettsalet måndag 30. januar kl 12.00 på Berte Kanutte-huset, og første timen er det berre medlemmar av studentsamfunnet, rust og jazzklubben som får kjøpe.

Det blir billettsal kvar dag på BK og Rokken, ein plan over dette ligg ute www.veka.no, seier Irene.


Vekemedia trenger flere folk
Både vekeradioen, Veka-TV og Vekeavisa søkjer etter fleire medarbeidarar.

- Vi er i gang med å planlegge og lage saker, men det er framleis fullt mogleg å henge seg på. Vi søker både folk med og utan kompetanse innan TV, avis og radio. Ta utfordringa, oppfordrar redaktørane.

Radio
Med sendingar kvar dag under Veka er det behov for både reporterar, programleiarar og teknikarar til radioen.

- Det blir møte for alle interesserte på Ivar Aasen-huset (rom 108) onsdag 25.1 klokka 16.30, og elles kan ein ta kontakt på epost: breiva@student.hivolda.no eller på mobil: 404 84 636, seier Åge Andre Breivik i vekeradioen.

Veka-tv er i gang med planlegginga av sendingane som skal gå kvar dag frå måndag 6. februar til fredag 11. klokka 20.06-20.30, melder redaktør Linda Byrknes, som er på jakt etter folk som vil ta i eit tak for å laga bra tv.


- Vi skal kursa dei som har lite erfaring med bruk av kamera og redigering, så det er ingen fare om ein ikkje kan så mykje frå før.

- Det som er viktig er at ein er engasjert og villig til å stå på litt. Dess fleire som vil vera med, dess mindre arbeid vert det på kvar.

- Vi treng både kamerafolk, reporter, programleiarar, teknikarar, lyd- og lysfolk, så dei som har lyst på nye kreative utfordringar og opplevingar kan ta kontakt ved å sende ein kort e-post til linda.byrknes@student.hivolda.no eller pr. sms/tlf: 909 84 913.

- Det er også fritt fram til å koma på møte i dag, tysdag 24. januar kl. 15.00 i kantina, seier ho.


Vekeavisa melder også at dei har behov for folk som kan sette avisa, journalistar og ikkje minst ein annonseansvarleg. Dersom avis er tingen, ta kontakt med Ida Titlestad Dahlback på telefon 977 67 535 eller ida.titlestad@gmail.com

Del på