Nye i STiV-styret.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert



Valet til velferdsansvarleg i STiV vart svært spennande, då Amanda Isaksen overraskande melde seg til gjenval. Det vart røystelikheit mellom dei to kandidatane, og kontrollkomitèen måtte gå grundig gjennom vedtektene for å finne ut korleis dette skulle løysast. Møtereglementet er klart på at i slike tilfelle får alle studentar i salen røysterett, og Amanda Isaksen vart gjenvalt til si andre periode som velferdsansvarleg.

Litt mindre dramatisk vart det då Christina Krogstad vart valt inn i styret som internasjonalt ansvarleg, sjølv om det også der var to gode kandidatar. Tidligere internasjonalt ansvarlig, Stine Andenes gjekk ut av styret, men vart valt inn i kontrollkomit\een


Dermed er STiV styret fulltallig med leder, velferdsansvarlig, fagansvarlig, internasjonalt ansvarlig og web- og kommunikasjonsansvarlig frem til høsten. Da skal fagansvarlig og web- og kommunikasjonsansvarlig velges på nytt. Det nye STiV styret er engasjerte og har store ambisjoner for tiden som kommer.


Del på