Nytt dokfilmstyre i sving

Tekst: Webmaster Volda

nyttstyre525
STYRET: Bakerst f.v.: Åge Andre Breivik(leiar), Aleksander Olai Korsnes (program). 2.rad f.v.: Hanne Marie Molde (info), Ingrid Sunde (info), Christina Honningsvåg (nestleiar), Vegard Eide Østerhagen (sponsor).  Fremst f.v.: Ingvild Nautvik (sosial), Gunnhild Jørginsdóttir Brimheim (sosial), Christine Øvrum Halvorsen (grafisk). Anders Bremnes (program) og Eirik Stokstad Brødholdt (teknisk) var ikkje til stades. FOTO: Vilde Hjertholm Lunde.

- Me har hatt mykje idémyldring, mange tankar og forslag til forbetringar. Me har òg endra litt på styreverva, slik at me kan gjera festivalen endå betre, fortel Breivik.

Mann i leiinga

Etter fleire år med kvinneleg leiar, vert Breivik no den andre mannen i sjefsrolla sidan festivalen starta opp i 1997.

-- Det var på tide med ein mann i leiinga, ler han. Men han trur ikkje folk vil merka nokon skilnad på festivalen av den grunn.

Gjennom eit år skal styret jobba frivillig fram mot denne eine veka i månadsskiftet april/mai. Så langt ser Breivik lyst på arbeidet.

-- Me ligg godt an i forhold til andre år, seier han stolt, og legg til at det endelege programmet skal vera klart i slutten av februar.

Treng frivillige

Kvar vår kjem filmskaparar og filminteresserte til Volda for å vera med på Noregs største og eldste dokumentarfilmfestival. Her får dei oppleva konsertar, stand-up og folkefest i bygda, i tillegg til å sjå både nasjonale og internasjonale filmar i konkurransen om å vinna beste dokumentar, beste studentproduksjon og publikumsprisen. Festivalen vert arrangert på dugnad av studentar og lokale marknadskrefter, og styret vil derfor etter kvart måtte skaffa seg hjelp frå frivillige på Høgskulen.

-- Dersom nokon er interesserte i å hjelpa til under vårens vakraste eventyr, så er det berre å melda seg til teneste alt no, seier Breivik, som håpar flest mogeleg vil vera med på laget.

Les meir om styret og festivalen på: www.dokfilm.no


Av: Hanne Marie Molde

Del på