Nytt og spanande samarbeid med Fredskorpset

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Involverte partar i prosjektet, utanom Høgskulen, er Mathare Youth Sports Association i Nairobi, Kenya og Merkesteinane i Volda. Prosjektet med det velklingande namnet "Playback" vil innebere at Volda får to deltakarar frå Kenya som skal involverast på ulike arenaer i Voldasamfunnet.

Høgskulen vil vere hovudvert, og første prosjektperiode er september 2007 og eit år framover.
Tilsvarande vil to - tre deltakarar frå Volda og Høgskulen få høve til å arbeide i Kenya i same periode.  

Integrering av funksjonshindra personar er ei overordna mål i prosjektet, så vel i Sør som i Nord.

Prosjektleiar Ingun Klepp håpar at Playback prosjektet kan føre til samarbeid på tvers av avdelingane ved Høgskulen og håper også at prosjektet vil kunne styrke både høgskulen og kommunen sin internasjonale profil.

Del på