Nytt velferdstilbod for studentar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Sosial- og helsedirektoratet gikk i desember 2004 ut med ein invitasjon til studentsamskipnader, ressursmiljø og organisasjonar som arbeider med ungdom, samliv og seksualitet. Handlingsplan for forebygging av uønska svangerskap og abort 2005 – kap 719 post 71 oppfordrar til å søke om midlar retta mot førebyggande helsetiltak. Målgruppa for handlingsplanen er ungdom i alderen 20 – 24 år, og dei viktigaste førebyggingsstrategiane skal bygge på:

- lett tilgjengelig informasjon og undervisning som legg vekt på meistring i forhold til kropp, seksualitet og prevensjon

- lett tilgjengelig veiledning og rådgjeving

- lett tilgjengelig prevensjon

- Helsestasjonen i Volda og Rådgjevingstenesta for studentar gjekk i februar saman om å utforme ein søknad om midlar til ei slik teneste i Volda. Det vart laga ei prosjektskisse basert på rammene i handlingsplanen. Nyleg fekk vi positiv tilbakemelding på søknaden, og vi har fått innvilga kr 100.000 til prosjektet, seier Høgalmen

Oppstart av prosjektet vil innebære etablering av ein Helsestasjon for studentar lokalisert på campus, tilsetting av helsesøster i 20 % stilling og samarbeidsavtale med Volda sjukehus om innleige av legeressurs på timebasis. Høgskulen i Volda syter for kontor i Lettbygget ved Strøm-huset.

Del på