Programmet for Veka er klart!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tradisjonen tru opnar Veka med Vekerevyen som blir spela fire gonger. Deretter brakar det laus med Surferosa-konsert, kyrkjekonsert med Elvira Nikolaisen og stand-up med Are Kalvø. Veka vert avslutta med dobbellkonsert med Katzenjammer og The Disciplines, og dessutan ein forrykande temafest med bandet Turbostipend, som speler dei beste låtane frå 80-talet.

– Vi er godt nøgde med programmet, og håpar det fell i smak både for studentar og andre som ønskjer kulturelt påfyll, seier Veka-leiar, Camilla Vik. Ho legg til at Veka har blitt flytta frå våren til hausten, etter ei vellukka prøveveke i fjor.

Eit høgdepunkt

Forutan konsert med Xploding Plastix er trippelkonserten med Rumble in Rhodos, Don Juan Dracula og det franske bandet Jordan eit populært innslag.

– Veka er eit høgdepunkt kvart år for dei som bur i Volda, og ikkje minst for studentane. Vi ønskjer ni dagar spekka med kjende og nye band, og ei rekkje andre arrangement både på dag- og kveldstid. Vi skal også ha bandstand, og det er framleis mogleg for band og musikarar av alle slag å melde seg på, forklarar Vik.

Veka i Volda hadde sin spede barndom i 1985 då ein revy vart sett opp av studentar på høgskulen. For tjue år sidan vart Veka utvida til også å innehalde konsertar og andre arrangement. No er arrangementet eit av dei største i fylket.

 veka_promo_525_1

Surferosa kjem til Volda under Veka. (Pressefoto)

Programmet for Veka 19.–27. september

Fredag

Revypremiere og opningsfest med DJ

Laurdag

Barnedag, handledag og rebusløpi Volda sentrum

Konsert med Surferosa

Søndag

Kyrkjekonsert med Elvira Nikolaisen og revy

Måndag

Stand-up med Are Kalvø og revy

Tysdag

Elektronika/jazzkonsert med Xploding Plastix og revy

Onsdag

Internasjonal dag

Trippelkonsert med Rumble in Rhodos, Don Juan Dracula og Jordan (FR)

Torsdag

Solidaritetsdag med organisasjonen JOY

Bandstand

Fredag

Dobbellkonsert med Katzenjammer og The Disciplines

Laurdag

80-talsfest med bandet Turbostipend

Meir informasjon, sjekk ut www.veka.no

Del på