Rapport frå studieopphald ved Universidad de Granada (Vår 2011)

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

b162b670df9aacca389793fe618b9f304cf60330
I Granada er tapasen gratis! Kjøper du ein cola eller ein øl får du middag på kjøpet!

Søknadsprosessen

Det er slett ikkje vanskeleg å sende søknad til Granada, sidan alt går føre seg over internett. Cecilie Wilhelmsen sender deg link til søknadsskjemaet, som du også finn her:
https://oficinavirtual.ugr.es/apli/intercambio/alumnos_in/index.html


Når du søkjer må du vere påpasseleg med å fylle ut alt riktig. Ei tysk jente eg kjenner fekk problem då ho endeleg kom til universitetet i Granada, sidan ho hadde skrive i søknaden at ho var frå Afghanistan (som er øverst på lista ein blar seg gjennom). Ei anna jente hadde søkt seg til feil fakultet. Sidan studentane i Volda berre har valet mellom to ulike fakultet (Filosofía yLetras/Ciencias de la Educación) burde det gå greit. Hugs berre at det ikkje er uavgrensa med plassar på kvart fakultet, så du må få klarsignal frå internasjonalt kontor i Volda før du søkjer.


I søknaden set du opp seks emne du kunne tenkje deg å ta. Dette kan vere vanskeleg, sidan informasjon om dei ulike faga ikkje akkurat er lett tilgjengeleg. Frykt ikkje! Vala du gjer i søknaden tyder faktisk ingenting når du kjem til Granada. Der har du to veker på deg til å gå på så mange førelesingar som mogleg, for å finne ut kva du likar. Etter at disse to vekene er omme registrerer du deg på det internasjonale kontoret på fakultetet ditt i Granada. Når opptaket til Universidad de Granada er klart vil du få ein e-post som seier at du kan logge inn på nettsøknaden din og sjekke resultatet. Dersom du allereie har fått klarsignal frå Volda om at du kan ta plassen er det temmeleg sikkert at du kjem inn, så det vert inga overrasking. Du må printe ut ein kopi av nettsøknaden din så snart han er godkjend, og ta med utskrifta til Granada, saman med kopi av pass og to passbilete av deg sjølv.

Om Granada og universitetet

Granada er ein ganske liten by i spansk målestokk, om lag på storleik med Bergen. Av dei 250000 innbyggjarane er 70000 studentar, noko som gjer sitt til at byen har eit ungt preg. Granada ligg i Andalucía, sør i Spania, ein halvtime frå slalåmkøyring i Sierra Nevada-fjella og ein time frå strandlivet ved Middelhavskysten. Nærmaste storby er Malaga. Hit kan du kome deg billeg frå Noreg med både SAS, Norwegian og RyanAir. Bussturen frå Malaga til Granada tek to timar og kostar om lag ti euro.
Spania sin mest besøkte turistattraksjon ligg nettopp i Granada. Det er den storslagne borgen Alhambra, som vart bygd på 1200-talet og som vitnar om arabarane si lange historie i området. I Granada finn ein også den arabiske bydelen Albayzín, med eldgamle og vakre bygningar som er teke med på UNESCO si verdsarvliste. Granada var den siste byen som maurarane tapte til det katolske kongeparet Ferdinand og Isabella i 1492, og fallet til byen markerte slutten på 800 år med muslimsk styre på den iberiske halvøya.

9d80e84b7f63081769ca2f894c093b13961bfb3a
Maurarpalasset Alhambra sett nedanfrå.

Universitetet i Granada (UGR) vart grunnlagd allereie i 1531, og det vert framleis rekna som ein prestisjefull stad å ta utdanninga si. Universitetet har mange fakultet som er spreidde utover nær sagt heile byen, og to campusar ligg faktisk på det afrikanske kontinentet, i dei to spanske eksklavane Ceuta og Melilla. Haustsemesteret byrjar i september og varer til februar, medan vårsemesteret byrjar i februar og sluttar i juli. Dersom du ikkje har tenkt å tilbringe eit heilt år på utveksling er det difor tilrådeleg å reise ut i vårsemesteret. Eksamensperioden i haustsemesteret ligg nemleg i januar/februar, så då får du ikkje med deg byrjinga på neste semester i Noreg!

Den akademiske kvaliteten til UGR kan diskuterast. I det heile teke kjem fagleg utbytte veldig an på fakultet og fag. Sjølv hadde eg høyrt frå tidlegare studentar at universitetet var dårleg, men eg reiste utelukkande for å lære spansk, så det brydde eg meg ikkje noko om. Eg kan ikkje seie at eg lærte så mykje av dei faga eg tok, men eg lærte mykje språk! Om du er ute etter å gå på eit prestisjefylt universitet ville eg nok imidlertid vald noko anna enn Granada.

Karakterskalaen går frå 0 til 10, der 10 er best. Karakteren 5 er lågaste ståkarakter.

Språkstipend frå Lånekassen

Du kan få i overkant av 16000 kroner frå Lånekassen dersom du vil ta språkkurs før semesterstart i Granada. Til dette heftar det nokre krav:

  • Du må vere teken opp ved ei utdanning (Det er du så snart du får plass.)
  • Undervisningsspråket i utdanninga kan ikkje vere engelsk (På UGR er det spansk som gjeld, men det finst nokre få emne på engelsk, dei bør du altså styre unna.)
  • Språkkurset må vare i minst fire veker (mandag til fredag) og ha minst 15 undervisningstimar per veke
  • Det er eit vilkår at språkkurset vert teke i forkant av delstudiet, og at kurset er avslutta ved oppstart av sjølve delstudiet
  • Er det ei språkutdanning du er i gang med i Noreg, får du ikkje språkstipend

Når du søkjer om støtte til stipend og lån på Lånekassen sine nettsider må du vere nøyaktig med kva dato du set som start for sjølve delstudiet. Sjekk UGR sin kalender, som du finn her: http://www.ugr.es/pages/estudios/calendario - (Du skal sjå på ”grado”, ikkje ”posgrado”.)

Oppgi ikkje 1. februar når semesteret først byrjar den 14.! Du må nemleg oppgi start- og sluttdato for språkkurset også, og datoane kan ikkje overlappe. Kurset ditt må vere ferdig før semesteret tek til. Når kurset er ferdig må du sende inn kursbevis og stadfesting på at spansk er undervisningsspråk til Lånekassen. Du kan laste opp dokumenta som vedlegg til nettsøknaden din. Då treng du søkjarnummeret ditt, som praktisk nok forsvinn frå MiSide når søknaden er ferdigbehandla. Om du vil unngå å måtte ringje Lånekassen for å få dette nummeret kan du sørgje for å skrive det ned på ein lapp når du søkjer første gong.

Det er massevis av ulike språkskular i Granada. Eg gjekk på Proyecto Español, som er ein av dei billegaste skulane, men som har utruleg bra lærarar. Eg lærte kjempemasse dei fem vekene eg gjekk der! Her finn du nettsida deira: http://www.proyecto-es.com/en/

Du kan ta språkkurset kvar som helst i Spania, men om du tek det i Granada er det ein veldig fin måte å bli kjend med byen på før semesteret byrjar ved universitetet. Eg budde hjå ein vertsfamilie som språkskulen fann for meg. Det var dyrt, men triveleg. Du kan også leige leilegheit gjennom språkskulane, eller ta inn på hostell nokre dagar medan du leitar etter ein stad du kan bu heile semesteret.

5b85dd80041184bc95aefdf91266426132ca0a29

e0690d2928a9001b373bb608f5aedae1bc1bd416

Del på