Regionalt samarbeid for internasjonalisering

Tekst: Webmaster Volda

”Samarbeid lokalt gir effekt globalt”

- Utfordringane knytte til internasjonalisering er store, og det er difor ekstra viktig med samarbeid på tvers av institusjonane, kommenterer internasjonal koordinator Cecilie Wilhelmsen ved Høgskulen i Volda. Gjennom å utveksle erfaringar kan vegen bli lettare å gå for den einskilde høgskule, og ein treng ikkje finne opp krutet  på nytt.

- Som internasjonale koordinatorar ser vi det som særs viktig å marknadsføre regionen vår; i denne samanheng Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylke, som attraktive studiestadar for utanlandske studentar og lærekrefter, seier ho.

- Vi ser ein sterk aukande tendens til at unge frå vår region vil ut i verda, medan straumen andre vegen – altså til oss – kunne vore langt større. Vi ønskjer å samarbeide tettare med næringslivet om marknadsføringa av regionen vår, og ha ein dialog med næringslivet når det gjeld kva kompetanse som er etterspurt her heime.

På møtet, som fann stad på Høgskulen i Volda, vart det diskutert alt frå språkproblem mellom utanlandske studentar til konkrete samarbeidsprosjekt, m.a. for å auke student- og lærarmobiliteten. Hausten 2005 legg vi opp til eit større seminar med deltakarar frå våre samarbeidande institusjonar, og ser fram til å vise dei alle dei fire høgskulane våre og kva vi har å tilby lokalt i våre region.

regionalt

På biletet ser vi frå venstre mot høgre:
Randi Jepsen, Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), Anne Ulla, Høgskulen i Ålesund (HIAS), Aud Fylling, Høgskulen i Molde (HSM), Margun Bech (HSF), Cecilie Wilhelmsen, Høgskulen i Volda (HVO) og Åse Mørkeset, HIAS. Kjell Holby  (HVO) og Ingun Janbu (HSM) var ikkje tilstades då bilete var teke.
 

Del på