Registrering av kandidatar til STiV-valet opna

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

bachmann_1- Vi treng studentar frå alle avdelinger, fortel leiar i STiV, Lars Vegard Bachmann. - Jo fleire som stiller til val, jo større sjanse er det for at studentane finn nokon dei stolar på til å representere seg i Studenttinget.

Dei som er interesserte i å stille til val, kan gå inn på www.stivval.at.tc og registrere seg der. Ein kan melde seg som kandidat fram til 17. september.

- Som Studenttingsrepresentant deltek ein på fem møter i året. Ein er med på å velje kven som sit i STiV-styret og råd og utval ved høgskulen og vedtek til dømes budsjett og arbeidsprogram for Studenttinget, fortel Bachmann. - Det er ein god moglegheit til å gjere Høgskulen i Volda til ein enda betre studiestad, og samstundes vert du kjend med studentar på andre studium enn ditt eige. Studentpolitisk engasjement ser også fint ut på CV-en, skyt han inn.

Har du spørsmål om Studenttingsvalet eller noko anna kan du sende ein e-post til stiv@hivolda.no eller kome innom STiV-kontoret.

Del på