Samlande internasjonalt miljø i Volda

Tekst: Webmaster Volda

Av Ingrid Redse Mjaaseth

 

-Gjennom smak, lukt, musikk, dans og mykje informasjon vil vi prøve å nå inn til studentane for å vise dei muligheitene dei har for utveksling medan dei går her på Høgskulen i Volda, fortel Cecilie Wilhelmsen som er internasjonal koordinator på skulen.

 

Programmet

Frå 11.30 til 14.30 kunne studentane traske frå stand til stand inne i kantina for å skaffe seg informasjon om eventuelle utanlandsstudiar. Innimellom vart det spelt musikk og vist video og reisebrev. Og heile tida, var det muligheit for å smake på mat frå mange av samarbeidspartnarane til Høgskulen, samt delta i den årlege konkurransen der vinnaren fekk ei reise til ein verdi av kr 6.000.

Støttespelarar til utveksling

Studentane fekk også høve til å prate med lærarar og entusiastiske studentar som allereie har vore ute og reist.

-Eg merkar ei bølgje av interesse etter slike dagar, seier Wilhelmsen, og viser til at studentane får det travelt med å besøke kontoret hennar i 3.etg på BK for meir informasjon.

-Det er også viktig at dei får vite kva muligheiter som fins hos ANSA, IEC og Lånekassen. Det er lett å kome seg ut, og det vil vi vise studentane våre.

Populær d

Det var stor pågang frå studentane på onsdag. Kantina var heile tida fyllt med masse spørjande studentar medan den internasjonale dagen pågjekk.

-Flott at det fins eit så stort internasjonalt fokus i eit relativt lite studentmiljø, synes Wilhelmsen. Til trass for at arrangementa varte i tre timar, var det god gjennomtrekk av folk.

Fargerikt fellesskap i Volda

"Kjennskap gir Vennskap" heiter det på norsk. Den internasjonale dagen på Høgskulen i Volda skulle vere eit godt eksempel på nettopp det. Volda fekk ærestittelen Internasjonal kommune av DET NORSKE FREDSKORPSET i 2005. Høgskulemiljøet bidreg sterkt til eit "fargerikt fellesskap" iVoldasamfunnet.

Del på