Semesteropninga 2006

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studiestart kan vere ei vanskeleg og utfordrande tid for mange. Vibeke Preus Bech opna difor med å trøyste alle nye studentar med sommarfuglar i magen.

 

v-bech-melding
Programleiar Vibeke Preus Bech.

- Studiemiljøet i Volda er eitt av dei beste i landet. Eg er sikker på at alle ved høgskulen vil gjere sitt beste for at de skal trivast her, forsikra ho.

Høgskulen i Volda (HVO) har no omlag 100 studentar frå 38 ulike land. Rektor Gunnar Stave opna sin tale med å helse på engelsk til dei internasjonale studentane ved høgskulen (sjå talen lenger ned på sida).

 

rektor-melding
Rektor Gunnar Stave lyttar meir enn gjerne til studentane i Volda.

Læringsmiljøprisen

Prorektor Lidveig Bøe ved Avdeling for lærarutdanning hadde fått oppgåva med å dele ut læringsmiljøprisen ved HVO.

Prisen for godt læringsmiljø er tildelt av Høgskulestyret, og skal heidre fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats for å utvikle studie- og utdanningskvaliteten ved Høgskulen i Volda. Det vert særleg lagt vekt på tiltak som utviklar studiekvaliteten gjennom medvite fagleg, administrativ og pedagogisk tilrettelegging. Prisen er på 30 000 kroner, og skal nyttast til tiltak som fremjar studiekvalitet av fagleg-pedagogisk eller trivselsskapande karakter, og andre tiltak som styrkjer læringsmiljøet.

- Prisen går til ein mannleg kollega som gir av seg sjølv, som skaper begeistring, er tilgjengeleg til alle tider og har ei offensiv haldning til å gjere læringsmiljøet betre, sa Lidveig Bøe.

Til stor applaus vart dekan Sverre Liestøl vinka fram for å ta imot prisen på 30000 kroner samt ein diplom utforma av Thomas Lewe.

 

liestol-melding
Prorektor Lidveig Bøe med ein populær og glad vinnar.

- Denne prisen blei eg frykteleg glad for. Eg meiner heile mediemiljøet ved Høgskulen i Volda må få del i denne, sa dekanen som også retta ei stor takk til familien sin.

Helsingar

Festlyden fekk også høyre helsingar frå Marit Johanne Monseth (Studenttinget i Volda) og varaordførar Gunnar Strøm i Volda kommune. Strøm oppmoda studentane til å vere aktive og engasjere seg i studentmiljøet.

- Mykje er opp til dykk sjølve. Som lokalpolitikar ønskjer eg større politisk engasjement blant studentane. Ta del i debatten og aksjoner for saker de er opptekne av, oppmoda varaordførar Strøm.

Musikken

Dei ulike postane i programmet vart smakfullt knytte saman av tre dyktige musikarar: Anita Walderhaug (vokal), Bjørnar Myhr (piano) og Øystein Salhus (fiolin). Trioen serverte vakker og stemningsfull musikk i grenselandet mellom viser, pop og jazz.

 

trio-melding

.......................

SEMESTEROPNING HVO 15. AUGUST 2006

Rektor Gunnar Stave

OPNINGSTALE

Velkomne til studiestaden Volda

Kjære studentar, gjestar, og kollegaer velkomne til opninga av eit nytt studieår!Ei epokegjerande hending for mange unge menneske, og ei årviss hending på høgde med Jul og 17. mai for Voldasamfunnet. Til studentane vil eg legge til: gratulerer med studieplassen. Du har fått del i eit fellesgode som du må gripe begjærlig og gjere til eit personleg gode. I dag vil det ikkje vere rett å legge til at du er privilegert, i alle høve ikkje dersom det er det norske samfunnet som er horisonten, for i desse dagar blir rundt 195 000 studentar ønskt velkomne ved høgskular og universitet over heile landet. Det er det høgste talet på studentar som vi nokon gong har hatt, og det inneber at så godt som alle kvalifiserte søkjarar får tilbod om studieplass. Ikkje alle får det dei helst ville ha, men også på det punktet er situasjonen betre enn nokon gong.

I dag er det altså ikkje kampen om studieplassane som er det karakteristiske for høgre utdanning i Noreg, men kampen om studentane. Med andre ord, det er vi som er privilegerte som kan ønskje velkomen ei ny stor gruppe studentar. Det er eit privilegium å arbeide ved ein institusjon som år etter år får ta imot nye kull av studentar, som brukar eit og fleire av dei viktigaste åra i sitt liv på å ta utdanning ved vår høgskule – år som får konsekvensar for livet. Eg vil seie til oss alle som arbeider ved Høgskulen i Volda: denne oppgåva kan vi ikkje tenke stort nok om, og det skal vere vårt utgangspunkt for måten vi tek i mot deg som student på.

Er perspektivet internasjonalt, er du privilegert på meir enn ein måte.Mens vi med forventning har førebudd semesteropninga i år, har vi dagleg følgt tragedien i Midt-Austen, og sett kor dramatisk livsvilkåra kan endrast når kunnskap og teknologi blir brukt i ein konfliktsituasjon som middel til å øydelegge fienden. Vi held pusten og vonar at våpenkvila kan vare, og gi grunnlag for fredsavtale og ei politisk utvikling som peikar mot forsoning og ikkje enno sterkare konflikt og destruksjon. Og vi ser i denne konflikten som i andre, at kunnskap ikkje er ein nøytral storleik, men noko som må forvaltast med klokskap for fremje gode livsvilkår for enkeltmenneske og samfunn. Det er ei etisk utfordring for alle utdanningsinstitusjonar, som det er naturleg å minne kvarandre om på ein dag som denne.

Helsing til utanlandske studentar.

I verdssamanheng er høgre utdanning eit knapt gode som mange konkurrerer om. Mange ser også mot Noreg, og ønskjer studieplass hos oss, også her i Volda. I år er Høgskulen i Volda i den heldige situasjonen at vi kan ønskje velkomne vel 100 studentar frå 38 land.

This year we have students from 38 foreign countries. We have students from:

Argentina

Brazil

Bulgaria

Burundi

Canada

China

Czech Republic

Denmark

Estland

Finland

France

Germany

Ghana

Great Britain

Hungary

Iceland

India

Iran

Iraq

Ireland

Israel

Kenya

Liberia

Lithuania

Malawi

Marokko

Namibia

Nigeria

Philippines

Romania

Russia

Slovakia

Sweden

Tanzania

Thailand

Turkey

Turkmenistan

Ukraina

These students have come from very different places and from different backgrounds to Volda to take some kind of education at our College. We want you to know that we appreciate that you are here, and we hope you will discover that Volda is a place where you can be happy and a have good conditions for studying. We welcome all our foreign students and hope you will feel at home here.

Studiestaden Volda

Til nye og gamle studentarvil eg altså seie velkomne til eit nytt studieår i Volda. Du som er ny student ved Høgskulen sit sannsynlegvis med mange spørsmål om kva slag studiestad dette er, og korleis det vil bli å leve og studere her dette året. Du skal få nokre oppmuntrande synspunkt på det, som kan skape gode vibrasjonar no ved studiestart, synspunkt bygt på erfaringskunnskap av ulike slag.

Du kjem til ein studiestad med mange gode kvalitetar. Dette er ei programerklæring når den kjem frå meg. Men den kan kvalifiserast ved å bruke meir uhilda kjelder. Eg møter ofte tidlegare studentar som med stor entusiasme fortel om tida i Volda, og kor godt dei likte seg. Studieåra i Volda skapte ein identifikasjon med høgskulen og studiestaden som dei stadig kjem tilbake til, og som dei stadig feirar med samlingar i Volda. Under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen som kvart år blir arrangert i april, møter du mange slike.

For ei tid tilbake møtte eg eit kull som gjekk ut av sosialutdanninga ved høgskulen for 25 år sidan. Dei var samla her for å minnast sine to studieår i Volda. (Dette var mine første studentar i Volda.) Deira livskarriere hadde tatt svært ulike retningar, frå feltarbeid blant narkomane til direktørstolen i eit av dei større selskapa i Noreg. Men ein ting hadde dei felles, to år i Volda som hadde fått avgjerande betydning for tenkemåtar og livsorientering. Studieåra i Volda skapte ein identifikasjon med høgskulen og studiestaden som dei stadig kjem tilbake til, og som dei snakkar om når eg møter dei att i ulike samanhengar.

Erfaringane frå studentopptaket i år viser ein hovudtendens som vi har sett dei siste åra, majoriteten av norske studentar vel studiestadar i dei større byane. Leiarskribenten i vekeavisa Dag og Tid reflekterer over dette fenomenet med ei viss undring, og avsluttar slik (og eg siterer): ”Kvifor oppsøkja betonghelvetet på Blindern og vanvittige husprisar i Oslo når det finst fantastiske studiemiljø på stadar som i Volda” (sitat slutt). Vel, det er ikkje mine ord, men det er godt sagt likevel, og eg trur du skal erfare at redaktøren snakkar sant.

Rolla som student

Studentlivet blir stadig tøffere kan vi lese i Dagbladet no like før studiestart. Einsemd, heimlengsel, prestasjonspress, eksamensangst og stress plagar mange norske studentar. Å bli student er ein krisesituasjon, seier ein psykolog ved Studentsamskipnaden i Trondheim til avisa.

Eg synest det er å ta hardt i, men det framhevar at overgangen til studentlivet er ei utfordring som det er viktig å ta på alvor. Det å gi seg i kast med høgre utdanning er eit personleg vendepunkt. Du går frå det kjende og trygge, og skal finne ein veg vidare i eit nytt, uoversiktleg, spennande og kanskje litt trugande landskap. Og det er slik at mange studentar opplever at starten på studieåret er vanskeleg. Det tar tid å finne seg til rette, og finne eit fellesskap ein kan trivast i. Ved Høgskulen i Volda har vi tatt denne utfordringa på alvor, og sett i verk tiltak som skal gjere denne overgangen best mogleg. Det gjeld både oss som er tilsette her og studentorganisasjonane. I Vegvisar og informasjon til nye studentar som er utlagt over alt, finn du ei oversikt og informasjon om desse tiltaka.

No er det er mange forhold som avgjer om denne overgangen blir god. Mykje kviler på det tilbodet vi greier å gi, men mykje er også avhengig av kva du sjølv gjer det til. Som du snart vil oppdage finst det dessutan mange organiserte tilbod av ulike slag både ved høgskulen og i bygda, som gir deg høve til engasjement og fellesskap. Dei uorganiserte fellesskapa oppstår etter kvart og dei er like viktige. I begge tilfelle er stikkordet deltaking. Ta initiativet, då trur vi du finnsamanhengar der du vil trivast, og får ein god studiesituasjon.

Høgre utdanning ein berebjelke i kunnskapssamfunnet

Høgskular og universitet møter i dag stadig sterkare forventningar om å vere nyttige samfunnsinstitusjonar. Samfunnet satsar store ressursar i UoH-sektoren, men krev å få noko tilbake. Bak denne målsettinga ligg ei erkjenning av at høgre utdanning og forsking har blitt eit stadig viktigare verkemiddel for styresmaktene sin politikk for økonomisk, sosial og kulturell utvikling. Dette inneber at forholdet mellom kunnskapsinstitusjonane og samfunnet blir utfordra og gjennomgår store endringar. Dette ser vi i Noreg, og vi ser at det er ein internasjonal tendens. Dei europeiske regjeringane har sett at dersom ikkje Europa skal bli akterutseilt økonomisk og når det gjeld velstandutvikling, så må det satsast på utdanning og forsking, og det må ein gjere i fellesskap og ikkje berre i det einskilde land. Derfor har høgre utdanning blitt eit stadig viktigare område for internasjonalt samarbeid. Den europeiske Bolognaprosessen er eit døme på dette. Den har som målsetting å skape eit felles europeisk utdanningsrom som gjer det lett for studentar og fagfolk å flytte seg mellom land og institusjonar. Slik vil også kunnskapen flyte mellom nasjonar.

Kanskje kan resultatet av denne prosessen bli eit sams europeisk utdanningsområde som ikkje berre blir avgjerande viktig for økonomisk utvikling, men også for fri utveksling av idear, tankar og kunnskap, som vil styrke den demokratiske utviklinga i alle deler av Europa.

Nytte og danning

Debatten om utdanning avspeglar to ulike perspektiv på verdien av utdanning som står i eit spenningsforhold til kvarandre. Det første perspektivet legg til grunn at høgre utdanning er fundamentalt for utviklinga av eit moderne kunnskapssamfunn. Dette nytteperspektivet, altså kunnskap som verkemiddel for næringsliv og samfunn, har vore sterkt i den reformbølgja vi har hatt i heile skuleverket, også i høgre utdanning.

Men denne instrumentelle tenkemåten støyter mot ein annan tradisjon i høgre utdanning som legg vekt på den verdien utdanning har i seg sjølv, som søking etter ny innsikt og forståing og som eit danningsprosjekt for den enkelte og eit demokratisk prosjekt for samfunnet. Det er eit spenningsforhold mellom desse to motiva, og dette spenningsforholdet er ikkje konstruert, det er reelt. I den politiske debatten blir ofte dette spenningsforholdet borte. Så lenge debatten er på det visjonære planet blir danningsperspektivet tillagt stor vekt. Når vi kjem til den konkrete utforminga av politikken, blir det instrumentelle perspektivet det dominerande.

I vinter gjekk det ein debatt om høgre utdanning og studentane sine føresetnader og arbeidsinnsats. Det blei med stor styrke hevda at studentane var late og tillot seg ein arbeidsinnsats som låg langt under ei normalarbeidsveke for folk flest. Når mange i tillegg hadde dårlege føresetnader fører dette til ei alarmerande senking av nivået i høgre utdanning i Noreg Denne situasjonen blir sett som ein konsekvens av at det har blitt for lett å kome inn i høgre utdanning, og at det instrumentelle motivet har blitt for dominerande. Eg vil ikkje avvise denne problemstillinga, vi treng ein kontinuerleg diskusjon om kva som er ein god balanse mellom breidde og spiss i høgre utdanning, men eg reagerer når utgangspunktet for diskusjonen er einsidig problematisering av at høgre utdanning har blitt tilgjengeleg for dei fleste, og at denne tilstanden blir oppsummert som ”middelmådighetens tyranni”. Eg vil halde fast på at høgre utdanning er eit samfunnsgode som flest mogleg skal få del i. Men å gjere dette fellesgode til eit personleg gode krev arbeid og innsats. Derfor er denne debatten ei viktig påminning om at den som gir seg i kast med høgre utdanning skal møte forventningar og krav om arbeidsinnsats dersom utbyte skal bli godt. Mi oppfordring er derfor: ta studiet på alvor, invester tid og krefter på studiearbeidet, det gir deg livsvarige verdiar.

Høgskulen i Volda er ingen stor institusjon. Det gjer at vilkåra for god kontakt og kommunikasjon mellom studentane og mellom studentar og tilsette er gode. Denne fordelen må vi utnytte og ta vare på. I arbeidet med å organisere utdanningane og studiearbeidet, må vi halde fast på at utdanning ikkje er ei vare, men ein prosess som skjer gjennom refleksjon og dialog mellom likeverdige menneske. Dette er ein utviklingsprosess som ikkje går i same takt for alle. Derfor har eg som ei påminning og åtvaring til oss alle til slutt henta fram Ivar Aasens gamle visdomsord som seier:

”Dei vil alltid klaga og kyta ….”

Lukke til med eit utfordrande og viktig studieår!

Del på