Sjekk at du står i manntalet før vala i haust

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Manntalet er det same som registrerte studentar. Manntalet for studentar gjeld også rektorvalet seinare i haust.
Alle må kontrollere om dei er registrerte som studentar og dermed står oppførte i manntalet før 1. november. Dette er klagefristen dersom ein ikkje er manntalsført.
Studentar kan kontrollere Studentweb for å sjå sin registreringsstatus, eller sjekke manntalslister som vert lagt ut i resepsjonane i Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset frå måndag 9.oktober til 1. november.

Dei som ikkje står oppført i manntalet har klagefrist 1. november.

Ta personleg kontakt med studentkontoret, 1. etg. i Berte Kanutte-huset dersom ein ikkje er registrert i Studentweb. (manntalsført).

Nomineringsprosessen

Ein kan nominere kandidatar til val i perioden frå 6. oktober til 17. oktober i urna i Berte Kanutte-huset.

Les meir i valreglementet om nominasjon og gjennomføring av val på STiV sine valsider.

Del på