Skredkurs - viktig kunnskap!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kurset tek føre seg skredfarevurdering og redning i samband med skred/snøvras, og vert avslutta med ei heil kurshelg på studenthytta Blåbu 25. - 27. januar, melder Magnus Utsogn, leiar i NATURA. 

Volda har flotte ski og friluftstilhøve, og med dei storslagne Sunnmørsalpane tett ved er det mange moglegheiter for den aktive. For å kunne nytte naturen på tryggast mogleg måte, ynskjer NATURA og høgskulen å nå flest mogleg studentar med informasjon om ein del av dei risikofaktorane ein har i området.

Vi ser at svært mange studentar kjem til høgskulen vår nettopp på grunn av dei flotte tur- og friluftslivstilhøva vi har her, kommenterar rektor Jørgen Amdam, og understrekar behovet å vere budd på at dei spesielle tilhøva også kan vera farlege om ein ikkje tek omsyn.

- Området på Sunnmøre er krevjande, og kan vere bunde med risiko å ferdast i om ein ikkje har god nok kjennskap og dugleik, seier også NATURA-leiaren.

Dersom du ferdast i fjellet og er glad i å stå på ski, bør du absolutt vurdere å få med deg skredkurset i morgon. Du får tilegna deg viktig kunnskap samstundes med sosialt samver, betre kan det ikkje bli!

stort

Studentar på Svinetinden (1125 m)

Del på