Sosialt - spennande - utfordrande

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Anne Smith-Meyer (21) og Ida Elisabeth Hardal (24) har lunsj i kantina, noko som er eit viktig høgdepunkt i studentkvardagen deira. Anne kjem opphaveleg frå Sandnes, og går årsstudium mediekunnskap. Gjennom studiet vart ho vart kjend med Ida frå Oslo, som går 4. åretpå allmennlærarutdanninga med spesialisering i mediekunnskap.

– Det å vere student er noko heilt anna enn å vere elev. Ein bur ikkje lengerheime og ein får nye venner, seier Anne.

 

Ida er einig og seier:

- Volda er ein spesiell studiestad. Det er lett å få venner på tvers av alder og studieretning, og fordi miljøet er tett blir vi ein stor sosial gjeng.

IMG_8903_525_250

Anne og Ida har begge valt Volda som studiestad og er glade for det.

 

Eige val

Mange blir påverka av andre til å velje studieretning, men både Ida og Anne kom fram til valet sjølve. Anne er interessert i media og produksjon,og har valt å starte med eit årsstudium i mediekunnskap. Ida fekk prøve læraryrket i praksis, og fann ut at ho ville fortsetje med det.

Trivst i Volda

Volda har vakker natur og ligg tett omkransa av Sunnmørsalpane. Ein kan spørje kva som får to unge jenter frå aust- og vestlandet til å velje Volda, av alle stader.

– Det var ganske tilfeldig, seier dei to i kor.

– Eg vart frå meg då eg fekk vite eg kom inn. Tanken på å ikkjevite noko om Volda, at det er ein liten stad og i tillegg på Vestlandet var skremmande. Men vi kom hit, treivst frå første dag, vart her og har ikkje angra ein einaste gong, seier Ida.

Aktive studentar

Studentane i Volda er kjende for å vere aktive innan studentpolitikk, frivillig organisasjonsarbeid og kulturaktivitetar. Det kreative miljøet ved Høgskulen gjenspeglast i dei ulike fritidsaktivitetane. Ida og Anne er begge aktive ved studenthuset Rokken. Anne ernyvalt personalsjef, eit verv som Ida hadde for eit år sidan. Ho er no medstyret for Dokfilm-festivalen.

– Det tek litt fritid, men så er det veldig sosialt. Vi er mykje saman, og i Volda er ein er aldri aleine, seier Anne.

Begge er samde om at det var eit bevisst val å engasjere seg. Det er ein fin måte å treffe folk utanom klassemiljøet, og det er ekstra kjekt når ein er ny.

Dei ramsar opp fritidsaktivitetar dei er med på: aktivitetar på Rokken, sosiale treff med matlaging, filmprosjekt, ski og trening.

– Eg har ikkje ein frikveld denneveka, og i helga er det fest og moro, seier Ida. Ingen av dei haddevalt annleis om dei kunne velje på nytt.

– Eg er kjempeglad for at eg er her no, seier Anne.

Dei to er samstemde om at det er kjekt å studere, og oppsummerer det å vere student i Volda med desse orda: Sosialt - spennande – utfordrande.

 

Les meir om Volda som studiestad

 

Del på