STiV treng leiar og velferdsansvarleg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I denne omgang søkjer STiV ny leiar og velferdsansvarleg. Stillingsbeskrivingane er som fylgjer:

Leiar

  • Leiar skal representere STiV utad på ein sakleg og ryddig måte.
  • Leiar har hovudansvar for mediehandtering.
  • Leiar er nærmaste overordna til organisasjonssekretær i STiV og ansvarleg for denne sitt arbeidsmiljø.
  • Leiar skal ivareta og vidareutvikle kontaktnettet til STiV. Leiar er underlagt STiV sitt prinsipprogram og vedtak, og skal arbeide og stemme i tråd med desse.
  • Kontaktnettet omfattar, i prioritert rekkefølgje:
    • Leiinga ved HVO
    • Studentsamskipnaden for Sunnmøre
    • Studentenes Landsforbund
    • Andre studentparlament
  • Leiar er ansvarleg for at vedtak fatta i STiV blir iverksett.
  • Leiar er ansvarleg for at det daglege arbeidet i STiV vert utført.
  • Leiar skal koordinere arbeidet til medlemane av styret og leie styremøta.
  • Leiar er ansvarleg for den økonomiske styringa i STiV, og skal godkjenne alle transaksjonar.
  • Leiar er ansvarleg for at eit nytt studentting opprettast etter studiestart.
  • Leiar skal holde seg oppdatert på høgskulestyret si verksemd.

Velferdsansvarleg

  • Velferdsansvarleg sit i Læringsmiljøutvalget (LMU).
  • Velferdsansvarleg samarbeidar med Studentsamskipnaden for Sunnmøre for å vidareutvikle velferdstilbodet for studentane.
  • Velferdsansvarleg er kontaktperson for fadderordninga.
  • Velferdsansvarlig skal evaluere fadderordninga og avlevere rapport til styret før andre studenttingmøte på hausten.
  • Velferdsansvarleg skal vere STiV sin kontaktperson for alle lag og organisasjonar ved HVO, og skal vere informert om støtteordningar, kontaktpersonar og anna relevant informasjon som angår desse.

Kom innom STiV-kontoret om du vil vite meir. Vala vert gjennomført under studenttingsmøte onsdag 27. januar kl 17.00. Stad: Konferanserommet på Rokken.

Del på