Stor suksess i Postkortkampanja for STiV!

Tekst: Webmaster Volda

Postkortkampanja er ein aksjon, på intitiativ frå StL, der alle studentar vert oppfordra til å sende eit postkort til statsråd Tora Aasland for å be om 11 månaders studiestøtte. StL har lenge jobba med denne saka og har fått 11 månaders studiestøtte inn i nesten alle partiprogramma til valet komande haust. Denne kampanja har som formål å halde oppe trykket på politikarane om kor viktig dette er for studentane.

cae9d688422cc4432e1c84c7e1c8490f08bc9ec8
Ein bunke med postkort som vert sendt inn til StL!

STiV la ut postkorta forskjellige stadar på campus og oppfordra alle studentar til å skrive under. - Responsen var så stor at vi måtte be om ny ladning med postkort allereie same dag, fortel Forsmo.

- Det er bra ein engasjerer seg i dette, og hugs, om du ikkje har skreve eit postkort til statsråden enda ligg dei rundt omkring på skulen. Ein kan også gå inn på www.studentkravet.no å skrive eit elektronisk postkort, avsluttar Forsmo med eit smil.

Del på