Studentar kjempar mot utvising i Kviterussland
- Taciana Khoma kjempar for ytringsfridom og engasjement mellom studentane i Kviterussland, og no står studentar i heile Europa bak henne, melder velferdsansvarlig Thomas Juhlin Raastad Marthinsen i Studenttinget i Volda.
Utvist på grunn av engasjement
- Taciana er utvist frå Belarus State Economic University der ho er studentrepresentant. Utvisinga vart utløyst av at ho vart vald inn i National Unions for Students in Europe (ESIB).
ESIB er Europa sin høgste studentpolitiske samanslutning og består av studentar frå heile Europa. Hviterussland er fullt medlem i denne organisasjonen, som kjempar for å snu utvisinga av den kviterussiske studenten.
Kampsak for norske studentar
- Dette er også ei kampsak for Studentenes Landsforbund (STL ) og Norsk Studentunion - samt medlemsland over hele Europa, fortel leiar i STL, Øyvind Bakke. Han var tidlegare tilsett som organisasjonssekretær ved Studenttinget i Volda.
- Medan vi arbeidar for å betre studentane sin kavrdag, drive studentane i Belarus opplysningskampanjar for at studentane skal kjenne til grunnleggande menneskerettar, fortel Bakke.
- Norske studentar kan ikkje sitje stille og sjå på at studentrepresentantar vert straffa fordi dei bryr seg. Det er uhørt å forhøyre og utvise ein student med bakgrunn i engasjement.
Studenttinget i Volda oppfordrar alle studentar i Volda og elles i Noreg til å støtte Taciana Khoma sin kamp for ytringsfridom og engasjement. Ta del i underskriftskampanjen