Studentar snart heime frå India

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Seks sosialarbeidarstudentar har praksis i Mangalore på vestkysten av India:

meirindia525

Frå venstre: lærar og praksisrettleiar Joselyn Lobo, Kristin Klever Aasgaard, Lise Katrin Vadset Tafjord, Hilde Myklebust, lærar ved Roshni, Tor-Johan Ekeland frå Institutt for sosialfag, rektor ved Roshni dr. Jacinta D`Souza, Silje Terese Heltne, Solveig Jakobsen, Iris Hellem og Anil Bahl frå Institutt for sosialfag.

Sosialfagstudentar i India
Seks sosialarbeidarstudentar gjennomfører no praksisperioda si i Mangalore på vestkysten av India. Dette er ein del av samarbeidet som institutt for sosialfag har etablert med sosialarbeidarutdanninga Roshni Nilaya, knytt til universitetet i Mangalore. Frå midten av september til jul har studentane hatt høve til å ha praksis både på rusklinnikkar, spesialskular, familiearbeid, og sammfunnsarbeid gjennom ulike prosjekt i lokalsamfunna som tek sikte på å utvikle lokal innsats og kompetanse.

Lærar Tor-Johan Ekeland ved Institutt for sosialfag, som nyleg har besøkt studentane i India, seier han er imponert over den evna dei viser til å takle dei lokale utfordringane.

Journaliststudentar tek kurset ”Reportasjearbeid i framand kultur”:

india525

 

I INDIA: Studentar og lærarar frå journalistutdanning ved Høgskulen i Volda ved besøk av eit Sikh-tempel i Dehli. F.v.: Ingvild Sættem Beltesbrekke, Sigrid Velle Dypbukt og Sigrun Agøy Engum. Bak: lærar Torgeir Dimmen, ein ukjend indisk gut og Lars Mørck Aaen. Rune Skogheim, Eirik Stokstad Brødholt og lærar Eivind Rønnestad var òg med på turen. FOTO: Eirik Stokstad Brødholt.

 

Kvar haust får studentane ved journalistutdanninga tilbod om kurset ”Reportasjearbeid i framand kultur”. Dette er eit tredelt kurs, der ein fyrst har åtte veker innføring, så sju veker i India, og til slutt tre veker etterarbeid i Volda. Målet med emnet er å gje trening i å arbeida journalistisk i ein framand kultur og å lage reportasjar.

Studentane har i år laga feature-artiklar om India, og dei har besøkt indiske universitet med journalistutdanning. På slutten av opphaldet reiser dei rundt og opplever kulturen i India. Så langt har dei vore i hovudstaden Delhi, Bangalore, Mysore, Mangalore, Manipal, Goa og Mumbai. Dei to lærarane som var med, drog til Noreg etter Goa. Om ei veke reiser også studentane heim att til Volda.

Del på