Studentpraksisen avslutta med Oscar-utdeling

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det var ei gruppe frå Bratteberg skule som vann publikumsprisen med tittel "Husverten" og ei gruppe frå Austefjord skule som vann fagjuryen sin pris med "Det store racet".

2d6d448bd41d809a4d3d6498d3766a3a40a3dbd5

Elevane kom inn på raud løpar, med journalistar og fotografar på begge sider.

Elevane som tok del besto av to 6. klasser på Bratteberg skule, ei 6. klasse på Øyra skule, 7. klasse frå Folkestad skule og 6. og 7.klasse frå Austefjord skule. Til saman 96 elevar.

Elevane har skrive manus, vore skodespelarar og delteke på redigering av filmane. Det er laga 15 filmar på om lag 5 minutt kvar. Det er mange ulike sjangrar, mellom anna krim, spøkelse, komedie, grøssar, drama, m.m.
To prisar var delt ut, ein fagjurypris og ein publikumspris.

Etterpå var det dekka til langbord i kantina på høgskulen. Studentane kjøpte bollar til elevane og serverte saft.

dea1e737e03af935dd9d9481de7787ffe0e27986

9bcfb64125eb0ec359152f697a0482363fb912e4

Del på