Studentval: Nomineringfristen går ut i morgon kl. 12.00

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulestyret er det øvste organet ved høgskulen, og studentane har 2 av elleve plassar. www.hivolda.no/styret

– Studentrepresentantane i høgskulestyret er ofte dei som står nærast omstendene i ei sak, og er ofte sentrale i diskusjonane. Dei har 2 viktige stemmer og slik sett svært stor påverking på høgskulekvardagen, seier rektor Amdam.

6cce97a9ece35c2bb3acb23bf77c3b2034bed485

Studentrepresentantane i høgskulestyret får møtegodtgjerdsle for arbeidet i høgskulestyret. Møta er som regel på høgskulen, og det vert halde om lag 10 møter i året. Møta går frå kl. 11.00 til litt ut på ettermiddagen. Elles får vi høve til å vere med på eitt par eksterne styreseminar.


39347d743076bec26fbbf42d495be3bf40991087

Verdifull erfaring

–  Erfaringa etter eit år i høgskulestyret er svært verdifull, fortel Ina Helen Østby, avtroppande studentrepresentant.

– Det har vore spennande, utfordrande og lærerikt. Mellom anna har eg fått erfaring med møtegjennomføring og etikk, offentleg saksgong og korleis ein skal presentere saker i ei slik forsamling. I tillegg har eg fått ta del på ulike seminar og representert styret på det årlege møtet med Kunnskapsdepartementet, fortel Ina Helen, som var student ved Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media.

Nominasjonsfrist førstkomande fredag

Førstkomande fredag er det frist for å nominere studentar til val.

Deretter følgjer ein valkamp mellom kandidatane fram til 27. oktober. Det består mellom anna i at ein vert presentert på studentsidene på www.hivolda.no og på www.hivolda.no/val.

27. oktober er det også førehandsval for dei som ikkje tek del på sjølve valdagen 7. oktober. Då er det urneval på Berte Kanutte-huset frå kl. 09.00 til 15.00.

Ein får nominasjonssetlar i resepsjonen i Berte Kanutte-huset, vis-a-vis kantinedisken. Der er også ei urne å legge desse i. Les gjennom teksten på setelen. Der står litt om at ein må vere registrert som student og at dei som vert nominerte må vere informerte på førehand, m.m.

Viktig for alle på høgskulen

– Tidlegare år har det vore ei utfordring å få studentar til å ta del i valet. Men studentane sitt engesjement er svært viktig for studentdemokratiet og måten høgskulen er styrt på. I år håpar vi på at så mange som mogleg tek del, både ved å nominere, men ikkje minst ved å stemme 7. oktober, understrekar rektor Amdam.

Sjå saklister, protokollar og representantslister på www.hivolda.no/styret

Del på