Studiestart 7. januar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I vårsemesteret er det ingen opningsseremoni, og den faglege informasjonen vert gitt i møte eller på nett direkte til dei studentane det gjeld. Høgskulen i Volda sender ut informasjon om når ditt studium startar.

Studiestartportalen har mykje nyttig informasjon, og skal hjelpe deg i gong som student ved Høgskulen i Volda. Her kan det vere lurt å ta ein kikk, for du finn mellom anna informasjon om studieår, fristar, rettleiing og rådgjeving samt praktisk informasjon for ditt studium.

Alle studentar skal i samband med nytt semester registrere seg ved å undervisnings- og eksamensmelde seg på emna som ligg i utdanningsplanen på Studentweb. For registrering, trykk her, frist for vårsemesteret er 15. januar!(Er du ny student må du opprette brukarkonto for å få tilgang til Studentweb, det gjer du her)

Har du spørsmål om skulen, registrering eller problem med å finne fram, kan du kontakte Sørvistorget i Berte Kanutte-huset på e-post sorvistorget@hivolda.no eller tlf 700 75 018 - dei hjelp deg gjerne!

vanligss

Del på