Ta del i evalueringa og gje pengar til Rokken

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Evalueringane stengjer 15. januar, så vi håpar så mange studentar som mogleg får høve til å ta del før den tid, melder Gonnie Smit Løseth, studiesjefen, ved Høgskulen i Volda.

- Studentar som avsluttar studieprogram og emne i haustsemesteret 2005 får høve til å kome med synspunkt på studia og emna dei har teke, samt kommentarar dei meinar høgskulen bør ta omsyn til neste gong studiet eller emnet skal gjennomførast.

Pengar til Rokken
- Det er ein del som har svara på evalueringane, men fleire må ta del. Hugs at kronene går rett til Rokken! oppfordrar studiesjefen.

- Tilbakemeldingar om mellom anna undervisningsopplegg, arbeidsmåtar, eksamensordning og rettleiing vert ei viktig rettesnor for høgskulen og studentane for å betre arbeidet og undervisninga, seier ho.

Studentar er oppmoda om å svare så snart som mogleg, men seinast innan 15. januar 2005.

Korleis gjer du det?
Eit spørjeskjema for kvart emne og kvart studieprogram studenten avsluttar er lagt ut i Classfronter:

1) Klikk på knappen "Evaluering" i den personlege menyen din (øvst på sida).
2) Klikk på eit namnet til ei undersøking (du får fram ei linje for kvart emne/ studieprogram).
3) Svar på spørsmåla, og kom gjerne med kommentarar til kvart spørsmål.
4) Klikk "Send svar" (evt. "Submit answer").

Gjenta punkt 2 til 4 dersom du skal svare på fleire undersøkingar.

Når du har svara på undersøkinga for eit emne, vil den forsvinne frå oversikta over "Aktive evalueringar". Så snart ei undersøking er stengd (fristen er ute) finn du samandraget av kva alle studentane har svara under fana "Rapporter".

Del på