Til Volda: Sizzle Ohtaka and the Masahiro Saeki Band

Tekst: Webmaster Volda

Dei hadde konsert på Kroa våren 2004.Med seg har dei også Minehiko Tanaka på sitar, Riko Tanaka på tabla og Haruhiko Saga på mongolsk cello.

Sizzle_Ohtaka-meld 
Sizzle Ohtaka

Sizzle Ohtaka har gitt ut heile 18 CD-ar og onsdag25. januar held ho opningskonserten på Nordlysfestivalen i Tromsø. I tillegg til konserten på Rokken skal musikarane frå Japan delta på fleire andre arrangement.Fredag 27. januar skal dei halde to forelesingar på høgskulen.Sizzle Ohtaka skal presentere arbeidet sitt som komponist og musikar på eit 100-tal reklamefilmar for media og musikkstudentar.Og musikarane skal i fellesskap gje dei nye studentane på Austral-Asia kulturstudium ei innføring i japansk tradisjonsmusikk.

 

Haruhiko_Saga-meld
Haruhiko Saga

Laurdag formiddag vert det gratiskonsert saman med norske musikarar i Volda kyrkje.Dette blir eit unikt møte mellom tonar og songar frå aust med heimlege kapasitetar som Magnar Åm, Merete Welle, Quest og songarar frå Digitalis. Vi veit at musikarvener frå førre gong, som folkemusikaren Dagfinn Nupen, også denne gong stiller opp og tek del i konserten på Rokken.Kontakten mellom Japan og Volda er vel etablert – og han veks!

 

Masahiro_Saeki-meld

Masahiro Saeki

Konserten dei skal ha på Rokken søndag 29.januar under namnet ASIAN WINGS , omtalar dei slik:

Vi er STEMMER OG STRENGAR FRÅ ASIA. Vi har stemmer, indiske trommer og tre forskjellige strenginstrument frå Asia. Musikken vår er basert på asiatiske klassikarar og folkesongar, men det er også eksperimentelt og moderne. Rytmen flyt som ei elv og stemmene & strengane symjar som flygefisk. Set deg på eit flygande teppe av asiatiske lydar.

Nyt livets vatn frå aust. ASIATISKE VINGAR, den aggressive lydmeditasjonen frå aust er på veg.

 

Minehiko_Tanaka-meld
Minehiko Tanaka

Riko_Tanaka-meld
Riko Tanaka

Del på