Ut i verda med Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda  (HVO) satsar aktivt på internasjonalisering, - ikkje berre fordi Kvalitetsreforma og myndigheitene ber oss om det.  Interessa for å få impulsar frå andre land og kulturar er stor både hos studentar og tilsette ved HVO. Det er både utviklande og morosamt å tilbringe ei tid i utlandet. Vi vågar påstanden om at den som tør å reise, tålar meir. 

Praksisrettleiing-i-skyggen_1

Studentar frå Høgskulen i Volda les og skriv oppgåve under eit praksisopphald i Nairobi.

Avtalar med 25 land
Kriblar det litt etter å kome ut i verda? Då er HVO høgskulen for deg! HVO har eit breitt tilbod av delstudium i utlandet, og over 80 avtalar i meir enn 25 ulike land. Eit slikt delstudium kan vare frå 3-12 månadar, og blir ein del av graden din ved Høgskulen i Volda, oftast utan at du tapar tid. Det finst gode stipendordningar som kan dekke utgifter til opphald, språkkurs og reise. Oftast rekk  pengane lengre ute enn heime, og blir du Nordplus- eller Erasmus-student får du ekstra stipend i tillegg!  

Asia, Australia og Afrika
Vi har eigne tilbod til HVO-studentar. Du kan til dømes delta på Austral-asiatiske kulturstudiar med opplevingar i Malaysia, Japan, Hong Kong og Australia . Dette tilbodet går kvar haust og du er borte mestedelen av semesteret.  Saman med Fredskorpset Ung kan du ta delar av vårhalvåret i Namibia eller Malawi. Nye internasjonale tilbod er stadig under utvikling, og som HVO-student har du moglegheiter som studentar frå andre høgskular og universitet ikkje har!     

Du kan lese meir om dei ulike programma ved å klikke dei inn på www.hivolda.no/ut og vidare til internasjonalisering. Her finn du oversikt over samarbeidsinstitusjonane våre, og du får mange nyttige råd.

Er du glad i språk?
Du lærar aldri å snakke flytande om du blir verande heime. Engelsk er greitt, men kva med å prøve eit nytt språk? Det vil vere nyttig i framtida. 

Er du nysgjerrig? 
Eit utanlandsopphald vil gje deg enormt mange nye impulsar, og ikkje minst: du vil vekse på det. Berre tenk kor morosamt det vil vere å ha eit internasjonalt kontaktnett. Forståing for andre kulturar er også ein viktig ballast å ha med. Minst like viktig er det kanskje at du får utvide horisonten din reint fagleg.

Er du framtidsorientert?
Studieopphaldet i utlandet kan vere det som er med på å sikre deg draumejobben. Hugs at internasjonal kompetanse blir meir og meir etterspurt.

Er du reiselysten?
Ved Høgskulen i Volda er du i eit internasjonalt miljø, med medstudentar frå rundt 30 land. Desse vil også kunne gi deg inspirasjon til å realisere draumen om eit utanlandsopphald. Det er eigentleg berre opp til deg! Alt er mogleg, og det er berre fantasien som set grenser.

Internasjonal dag
Merk deg alt no datoen 23. september! Då er det Internasjonal dag med eit vell av aktivitetar.

Sjekk www.hivolda.no/ut

Del på